Sport | 11. jan. 2014

Vil du følgja Sverre i dag?

Denne helga blir EM allround arrangert i Vikingskipet. Her er Sverre sine par og sendetid og kanal om du vil følgja han på skjermen.

Vil du følgja Sverre i dag?
Sverre er tilbake i Vikingskipet i dag. (Arkivfoto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 11. jan. 2014 08:59

Jan Blokhuijsen, Koen Verweij, Denis Juskov, Håvard Bøkko og osingen Sverre Lunde Pedersen blir sett på som dei sterkaste medaljekandidatane under EM allround i Hamar i helga.

Sverre har hatt ein god sesongstart, blant anna med ny personleg bestenotering på 5000 meter (6.10,47).

På 500 meter går han i par 9 mot Renz Rotteveel, på 5000 meter går han i par 13 mot Denis Yuskov.

500-meteren blir sendt på NRK2 frå klokka 15, 5000 meter på NRK2 frå klokka 16 og held fram på NRK1 frå klokka 18.

Sven Kramer og Ivan Skobrev står over EM.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.