Kultur | 21. sep. 2012

Vil du gratis på rockbattle?

Konkurranse: Laurdag speler åtte band battle i Oseana. Svarer du rett på desse spørsmåla kan du koma gratis inn på det rusfrie ungdomsarrangementet.

Vil du gratis på rockbattle?
Even Hjertaas under 30-årsfesten til Os Rockeklubb i Fjellheim i februar 2011. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 21. sep. 2012 11:16

Oseana og kultureininga i Os kommune har invitert til Battle og the Bjørnefjord, ein konkurranse mellom band frå kommunane rundt fjorden.

Band frå Os, Fusa, Samanger og Stord har meldt seg på, og konkurransen er naturlegvis open for publikum.

Les òg: Country og trash

Arrangementet er rusfritt, startar klokka 19 og billettane blir selt i døra.

Midtsiden har fått 4 billettar (kr 50,- per stk) som vi deler ut til nokre av dei som svarer rett på følgjande spørsmål:

1. Vokalisten på bildet heiter Even Hjertaas. Kva heiter bandet han speler i?
a) Metallica
b) Madcon
c) Warfart

2. Sjefen i Os Rockeklubb, Kjetil Grønvigh, fekk i 2011 nytt mellomnamn. Kva er namnet?
a) Lyssand
b) Osablod
c) Bruarøy

3. Eit av banda som deltar i rockbattle i morgon speler countrymusikk. Kva heiter bandet?
a) Evolver
b) Pink Disease
c) True West

Send dine tre svar på epost til kjetil@midtsiden.no innan klokka 23.30 fredag kveld (21.9). Artikkelen blir oppdatert før klokka 12.00 laurdag med fire vinnarar av billettar.

OPPDATERT:

Rett svar er 1c, 2b og 3c.

Blant dei som sendte rett svar har vi trekt ut desse som vinn billett:

Hans-Marius Johnsen, Daniel Notland, Andreas Fosse Salbu og Kim Thomassen.

Gratulerer! Billetten får du i Oseana (ta med legitimasjon)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.