Vil du helsa på Otto?
Sist gong var det over 300 på besøk. No vågar Stall Nytræ seg på open gard igjen.
Grisen Otto, geitene Ole, Dole og Doffen, hestar, ender og høner, kaninar og marsvin - utvalet av dyr er stort og Stall Nytræ er praktisk innreia som besøksgard.
– Det går stort sett i barnehagar og grupper når det kjem til besøk, og talet på barnehagar som bruker oss har også auka det siste året, seier Anne Lill Nytræ.
Les òg: Får besøk kvar dag
– Men vi har også individuelle gjestar, folk som gjerne ringer ein søndag og spør om dei kan ta med ungane og sjå på dyra. Det er veldig koseleg, og passar det så får dei koma.
God respons
I fjor haust hadde stallen Open Gard, og sjølv om det var mykje anna som skjedde i Os den helga så var responsen enorm.
– Eg tar ikkje i viss eg seier vi hadde 300 innom denne dagen. Einar, mannen min, var parkeringsvakt, så det gjekk heldigvis fint. Gjestane brukte parkeringsplassen som høyrer til gravplassen, eller sette bilen frå seg ved Oshallen, seier Anne Lill.
Garden ligg på høgda bak gravplassen på Kuventræ.
Fast frekvens?
Førstkomande søndag er det open gard igjen, framleis med fri entré.
– Så lager vi til litt vaflar og drikke som vi sel. Og gjestane kan kjøpa seg ein liten ridetur, om dei vil.
– Med så god respons som sist, og med 200 gjestar då turlaget arrangerte tur til garden din, vurderer du å opna stallen og garden med fast mellomrom.
– Ja, det er noko vi har tenkt på, og det kan henda vi byrjar med. Men førebels er det denne søndagen, og sidan det er mange som reiser på fotballcupar på denne tida, blir det berre to timar frå klokka 12, seier Nytræ.