Ole Reinert Berg-Olsen, her på frivilligfesten søndagen etter festivalen i 2015. Annonsen innfelt. (Foto: KVB/Facebook)
Ole Reinert Berg-Olsen, her på frivilligfesten søndagen etter festivalen i 2015. Annonsen innfelt. (Foto: KVB/Facebook)

Vil du kjøpa ein halv festival?

Ole Reinert Berg-Olsen har lagt ut aksjane sine for sal. På facebooksida «Os: Kjøp, salg og bytte».

Kjetil Vasby Bruarøy
12. oktober 2016 - 21:36

I midten av september blei det klart at Ole Reinert Berg-Olsen, ein av dei to eigarane i Osfest AS, gir seg i festivalen.

I 20-tida i kveld kunne du, mellom ei tredemølle og ei spisestove, finna aksjane hans for sal på facebooksida «Os: Kjøp, salg og bytte».

«Jeg har nå disse aksjene og vet ikke helt hva jeg skal gjøre med de» skriv Ole Reinert i annonsen.

– Kva seier partnaren din, Tor Egil Hylland, og andre som eventuelt er på veg inn i nytt styre?

– Han har forkjøpsrett, men sånn eg har forstått det vil han ikkje nytta seg av den. Eg trur dessutan det er sunt om festivalen er eigd av meir enn éin person, seier Ole Reinert til Midtsiden.

Han legg til at han har vore på hjortejakt den siste tida og ikkje har snakka med Hylland på ei stund.

– Har du prøvd å selja desse via andre forum, eventuelt direkte til nokre kandidatar, før du la dei på Facebook?

– Nei, eg har vore opptatt og ikkje gjort noko med dette før no.

Vanskeleg å setja ein pris

Prisen er ikkje sett til 123 millionar kroner, sånn det kan sjå ut, aksjonæren har berre brukt tala frå 1 til 9 i stigande rekkefølgje i feltet som er obligatorisk å fylla ut.

– På den eine sida kan du seia at aksjane ikkje har nokon verdi, sidan festivalen gjekk med underskot og sidan du, ifølgje vedtektene, ikkje kan ta ut utbyte. På den andre sida var det ikkje så mange hundre fleire pass vi skulle selt i år før festivalen hadde gått i null.

– Eg har heller ikkje sett noko grense for kva eg vil ha for dei, men aksjane har nok ein verdi for dei som har gode idear eller sterke meiningar om kor vegen bør gå vidare for Osfest.

Håper å koma i kontakt med rett person

Før Orbo vil gje frå seg aksjane kan idear bli meir diskutert enn pris.

– Det har ikkje så mykje å seia for meg, men eg bryr meg om festivalen og trur blant anna at det er feil å ta den ut av sentrum. Eg trur heller ikkje at lekkasje til andre som sel drikke eller mat er noko som Osfest kan sjå på som eit problem.

– Eg håper nokon med litt giv vil visa interesse for aksjane og ta kontakt, seier eigaren av halve Osfest AS.

Midtsiden har førebels ikkje snakka med medeigar Tor Egil Hylland om saka.

Les meir om

Kultur Festivalar Osfest