Lokal | 25. juli 2017

Vil du læra deg å segla?

Båtlaget Njord/Tysnes held kurs i segling med oselvar.

Vil du læra deg å segla?
I sommar kan du læra deg å sigla nasjonalbåten. Bilete frå kurset i fjor (privat foto)
Andris Hamretysdag 25. juli 2017 09:36

I fem dagar, frå 31. juli til 4. august, kan du gå frå å vera nybyrjar til å bli regattaseglar, skriv Båtlaget Njord/Tysnes i sin invitasjon til «Siglarveko» i Njordstrø på Tysnes.

– Vi har framleis ledige plassar på kurset som går over fem dagar, fortel Kjell Magnus Økland i ei melding til Midtsiden.

Båt til låns

Båtlaget stiller med spriseglrigga Oselvarar med regattarigg til kurset.

– Dersom nokon ønskjer å delta med eigen båt, anten det er Oselvar med regattarigg, tradisjonelt rigga Oselvar eller anna tradisjonsbåt, så er dei hjartleg velkomen.

– Det blir både teoretisk undervisning på land og på kaien under opprigginga. Ute på fjorden blir det gode høve til å sigla mykje og trena under oppsyn av instruktørar i følgjebåtar. I starten av veka kan instruktørane óg vera med ombord i seglbåtane, fortel Økland.

Opent for overnatting

Undervisning, hamn og eventuell overnatting skjer i Njordstø.

– Tilreisande kan overnatta på sovesal med sovepose og luftmadrass i Njordstrø om dei ønskjer. Der er det i tillegg til undervisningsrom, kjøken, garderobar, dusj og toalett. Det er gangavstand til Våge.

Informasjon om kurs og påmelding finn ein på båtlaget si heimeside eller på facebook.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.