Vil du prøva dette?
Laurdag blir alle juniorspelarane i Hordaland samla til treningscamp med amerikanske stjerner - på Kuventræ. Samlinga er open for heilt nye som vil prøva amerikansk fotball.
– Det har vist seg at det er verdt å satsa på ungdomen også, når det gjeld amerikansk fotball, seier trenar Christian Detjen i Os Wolverines.
– Rekrutteringa har blitt betre og betre, vi får inn både tidlegare fotballspelarar, andre idrettsutøvarar og ungdom som ikkje har trent organisert på fleire år.
Detjen seier ungdomsgruppa tel rundt 20 spelarar og no ser han fram til ein innhaldsrik laurdag på Kuventræ.
Ein god dose forsmak
– Dette er andre juniorsamling i Hordaland og første i Os. Samlinga er eit samarbeid mellom Bergen Storm, Åsane Seahawks og Os Wolverines.
– Vi får blant anna ein tidlegare versmeister frå USA som gjesteinstruktør, og fleire andre proffar.
Programmet er omfattande, to timar praktisk innføring og trening, ein pause med teori før nye to timar og til slutt ein kamp.
– Dei fleste juniorane våre er rimeleg ferske og nye vil bli godt mottatt og truleg finna seg raskt på plass i gruppa. Her vil dei få grundig innføring i basisøvingane og i spelet, rett og slett ein god porsjon forsmak på amerikansk fotball, seier Detjen.