Lokal | 28. des. 2016

– Vil du sjå fyrverkeriet søndag? Kom tidleg til sentrum!

Ordførar Marie Lunde Bruarøy var nær på å gå glipp av førre oppskyting.

– Vil du sjå fyrverkeriet søndag? Kom tidleg til sentrum!
Fungerande ordførar Marie Lunde Bruarøy ser fram til nyttårsfyrverkeriet over ei Os hamn omkrinsa av faklar søndag kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 28. des. 2016 15:04

Førre nyttårsaftan var det så dårlege vêrmeldingar at oppskytinga av felles fyrverkeri blei utsett til 1. nyttårsdag med startskot klokka 20.00 i staden for midnatt.

Sjå video av fyrverkeriet 1. januar 2016

Å sleppa å køyra bil rundt midnatt nyttårsaftan, og å gå frå besøk og sovande småborn, var med på å gjera 1. nyttårsdag-oppskyting populært.Det sto tett med folk på bryggene rundt hamna og bilar sto i kø på vegane inn mot sentrum mens fyrverkeriet bli skote opp.

– Eg var sjølv blant dei som ikkje kom fram til Os, men blei ståande i kø i Mobergsbakken. Heldigvis fekk vi svingt inn i Midtskogvegen så vi fekk sett fyrverkeriet, seier fungerande ordførar Marie Lunde Bruarøy.

Parkering på grusplassen

Det kom tidleg eit forslag om å gjera dette til ein tradisjon, og det blei bestemt å ta også den komande fyrverkeri-festen søndag 1. nyttårsdag klokka 20.

– Om du bur nær sentrum kan du spasera ned, om du kjem med bil bør du koma i god tid.

– Vi opnar grusbanen ved Os ungdomsskule for parkering denne kvelden.

Deler ut faklar - filmar med drone

Under bryggedansane i Os i juni har det vore skote opp frå lekter (sjå video), 1. nyttårsdag blei det skote opp frå moloen på Steinneset.

I år blir det oppskyting frå begge moloane, både på Steinneset og utanfor Oseana.

– Vi kjem til å stå både ved Esso, Os Sjøfront og Vindu mot Fjorden for å dela ut faklar.

Midtsiden kjem til å filma fyrverkriet i år òg, i tillegg kjem Varde Media til å filma frå drone.

– Med faklar langs bryggene trur vi det blir ekstra god stemning, seier Bruarøy.

Os kommune betaler ProPyro for fyrverkeriet, men det er samtidig invitert til spleiselag for å få mest mogleg «krutt i tønna». Ordføraren har førebels ikkje overikt over kor mykje som har kome inn, men dei siste 10.000-lappane kan ha ein del å seia på effekten.

– Det er frå 30.000 og oppover det verkeleg byrjar å bli gøy, har Ole Marius Røttingen frå ProPyro tidlegare fortalt Midtsiden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.