– Vil fanga augeblikka
«Fotografiet skal henge på veggen eller visast i eit album». Nystarta fotostudio i Os sentrum vil blåsa liv i gamalt handverk.
Etter digitalapparata sine inntog har stadig fleire bilde hamna på PC-ar og nettbrett i staden for på veggen og i fotoalbum.
– Vi vil vera med på å få bilda tilbake på veggen og i album.
– Difor har vi starta Varde Studio, for å gje osingane eit tilbod om hjelp til å fanga minnene og dei gode augeblikka, fortel ein alltid like entusiastisk Anders Fløysand.
Headhunta ungt talent
Som fotograf og avdelingsleiar for studioet i Brugata har Fløysand henta inn det unge fototalentet Silje Lepsøy.
– Silje headhunta vi etter at vi såg bilda ho tok på den første Havfest-framsyninga i Oseana.
– Ho er rett og slett veldig flink, skryt den etterkvart så erfarne film– og mediegründaren frå Os.
– I tillegg har ho ein eigen evne til å få dei som skal bli fotografert til å slappa av. Det er veldig personleg å stå foran kamera, det er mange som blir både stive og bundne.
– Noko som kanskje skil Silje frå andre fotografar er at ho er utruleg flink til å skapa ein behageleg setting som gjer at kundane kjem i humør til å bli tatt bilde av.
– I tillegg gjev ho seg ikkje før ho er nøgd. Om det tek éin eller tre timar, eller om kundane i staden vil koma tilbake seinare, speler inga rolle. Det viktigste er at bilda blir bra, seier Fløysand.
Visste det alt på ungdomsskulen
Lepsøy føretrekk å la kamerat snakka for seg, men er veldig tydeleg på korleis ho vil ha bilda.
– Det var vel allereie på ungdomsskulen eg fann ut eg skulle bli fotograf.
– Den draumen har eg halde på. Eg var heldig som traff gutane i Varde og at dei hadde lyst til å satsa på meg, seier Silje.
Bilde er personleg
Sjølv om dei no har bygd opp eit studio i Os sentrum, så er det utandørs Silje trivst best.
– Eg er eigentleg ikkje så glad i studio, men når vi først skal ta bilde inne, så gjev dette lokale gode muligheiter til å variera bilda med forskjellige bakgrunnar og rekvisittar.
– Det skal ikkje bli samlebandproduksjon.
– Eit bilde skal fanga augeblikket og er personleg. Det er difor eg eigentleg liker best å ta bilde ute.
– Det gir større rom for leik og gøye motiv, smiler fotografen.
Skal levera kvalitet
Hovudmålgruppa til den nye bedrifta er fotografering av familiar, born, konfirmasjon og bryllup.
– Dette er hendingar i livet til folk som betyr mykje. Minna frå bryllupsdagen, eller frå då ungane vår små er noko ein skal bera med seg heile livet.
– Det vil vi hjelpa til med.
– Vi har knytt til oss ein fantastisk dyktig leverandør som leverer alt av print, rammer og lerret. Mellomanna leverar dei noko av dei flottaste handlaga albuma eg har sett.
– Vi vil at dei gode bilda skal fram igjen i lyset og opp på veggen. Om det er kundar som treng hjelp til å finna den optimale plassen i heimen for å plassera eit bilde, så skal vi nok klara å hjelpe til med det òg, fotel Fløysand.
Av osingar for osingar
Gründeren er særs tydeleg på at det aldri var eit alternativ å etablera studioet andre plassar enn i Os sentrum.
– Vi har vore på utkikk etter lokale ganske lenge. For oss har det vore uaktuelt å etablera oss andre plasser enn i Os.
– Det er her vi kjem frå, det er her vi bur. Difor er det heilt naturleg for oss å vera her.
– Når vi i tillegg opplever den velviljen som vi møter hos huseiger så er det ikkje så vanskeleg.
– Eg har lyst til å skryta av Andre Angelskår i Joagruppen. Han gjer ein god jobb for å tilrettelegga for liv i sentrum, avsluttar Anders Fløysand.