Vil førebu rask start
Fylkesrådmannen prioriterer Grindavoll-Lepsøy i framlegg til budsjett. Gustav Bahus håpar på vedtak og full oppgradering av heile strekket.


Nesten heile vegstrekket mellom krysset ved Kongshaug på Lepsøy og krysset ved Hagavik Hjemmebakeri er utan fortau.
Ungar frå Søre Øyane går på ungdomsskule på Nore Neset. Skal dei sykla til skulen får dei saman med andre som går eller joggar langs vegen ein spennande tur.
Treff du som bilist ein fotgjengar ein plass der vegen går frå brei til smal, samstundes som det kjem bil eller buss imot, så er det ikkje lett å vera trafikkant med motor heller.
- Vegen har fleire skumle stykke. Vi håpar på vedtak i fylkestinget og full oppgradering med gang- og sykkelveg langs heile vegen, seier Gustav Bahus (Frp).
Bahus er leiar av samferdsleutvalet i Hordaland fylke, og er svært nøgd med fylkesrådmannen sitt framlegg til økonomiplan for 2009 til 2013.
- Om det blir positivt vedtak i fylkestinget så kan vi starta prosjektering og planlegging, slik at vi kjem raskt i gang med arbeidet når pengane er på bok, seier Bahus.
Strekninga ligg inne med 20 millionar kroner i 2013. Budsjett og økonomiplan for Hordaland fylkeskommune blir endeleg vedtatt av Hordaland fylkesting i 8. til 9. desember.