Vil forlenga med 12 veker
Den drapssikta 18-åringen blir fredag framstilt for forlenging av varetektsfengslinga. Politiet ber om 12 veker.
18-åringen som er mistenkt for drapet på Hilda Feste blei 24. februar fengsla for fire veker med brev-, besøks- og medieforbod. Fredag førstkommande blir han framstilt for Nordhordland Tingrett for forelengelse av fengslinga.
- Politiet vil begjæra om fengsling for 12 nye veker, skriv politiadvokat Asbjørn Onarheim i ei pressemelding.
Onarheim grunngjev begjæringa med at det foreligg tilhøve som i særleg grad styrker mistanken mot den sikta og at det vil strida mot ållmenta si rettsoppfatting om den sikta blir satt fri.
Politiadvokaten har i meldinga ikkje kome nærare inn på dei tilhøva som bidreg til å styrke mistanka mot den 18 år gamle guten.
Til BT.no uttalar Onarheim at bevisa dei no legg fram er funn av DNA frå avdøde heime hjå den sikta guten.
I tillegg er fingeravtrykk frå den sikta funne i blod på åstedet. Det er og funne DNA frå den sikta på åstaden.
18-åringen skal ha fått presentert bevisa mot seg, men held fast på at han ikkje hugsar noko frå den aktuelle kvelden.