Sport | 12. nov. 2016

Vil forsvara tittelen

Både Os junior og Os G14 skal spela finale i Lagunen Fotballfest søndag.

Vil forsvara tittelen
Her er juniorlaget som vann Lagunen Fotballfest i fjor. Mykje av den same gjengen er no i finalen igjen. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 12. nov. 2016 17:56

Os junior, er avbilda med pokalen for 1. plass i 2015, er i finalen i Lagunen Fotballfest i år igjen.

– Vi er spesielt nøgde med dei siste 20 minutta i dag, seier trenar John Ole Johannessen på vegne av seg sjølv og Kristian Bødtker.

Os slo Bønes 6-2 i kvartfinalen torsdag og vann semifinalen 4-1 over Minde i dag. Dei møter Sædalen i finalen. Sædalen slo Smørås 2 heile 11-0 i den andre semifinalen.

Os kom på 2. plass i pulja etter 2-1-tap for Sædalen i puljespelet, så det er duka for ein spennande finale på Stavollen søndag.

Gutar 14 i sin første finale

Os gutar 14 har hatt sin første sesong med inndeling etter nivå.

– Førstelaget har til no berre spelt eliteturneringar og andre cupar med høgare nivå, der kvartfinale på Notodden er beste resultat, fortel trenar Ivar Johannessen.

Han seier laget, som landa på 5. plass i 1. divisjon i år, har hatt ei veldig god utvikling gjennom sesongen.

– Vi har ikkje hatt like god flyt gjennom Lagunen Fotballfest, det er tydeleg at det er på tampen av sesongen. Men eg synest det er bra at dei likevel klarer å kjempa seg til finale, dette blir nok ei fin avrunding på sesongen.

Både semifinalen i dag og kvartfinalen torsdag kveld enda uavgjort, men Os gjekk vidare på flest cornarar.

I finalen speler dei mot Fyllingsdalen, som slo Smørås 2-1 i semien.

(Mens gutane herjar i Lagunen Fotballfest skal Nore Neset jenter 13 søndag spela finale i kretsmeisterskapen i Vestlandshallen)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.