Trond Didriksen (t.v.) og Stig Hansen oppmodar lag og organisasjonar om å senda søknad innan utgangen av året. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Vil gi vekk 20.000 kroner

– Det er eit forsøk på å setja sponsing i system, seier Trond og Stig.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Trond Didriksen hos Nordsjö Idé & Design vil saman med søsterselskapet i nabolokalet Steinspekteret Os (Steinsenteret) dela ut 20.000 kroner til frivillige lag og organisasjonar.

– Vi vil ikkje kalla det eit stipend, og legg heller ingen føringar, men vi ønskjer å støtta prosjekt eller aktivitetar som mange får glede av, seier Trond.

Han og kollega Stig får ofte idrettslag og kulturtilbydarar på jakt etter sponsorar innom i butikken.

– Det har blitt litt sponsing opp gjennom åra, men no ønskjer vi å få eit meir aktivt forhold til det.

Ber kandidatar senda søknad

Stig fortel at førespurnadar om sponsing kjem året rundt, men særleg no før jul, når fleire lag og organisasjonar legg planar for neste år.

– Derfor ber vi desse om å senda søknad innan nyttårsaftan.

– Så vil vi bla gjennom det som kjem inn, og fordela det vi skal gi vekk neste år samla på nyåret.

Det er ikkje bestemt om heile potten skal delast i to eller fleire delar.

– Det kjem an på kva som kjem inn av søknadar.

Fleire saker