Lokal | 10. mai 2018

Vil gje 2 millionar til kyrkja

Kommunen gjekk med 51,9 millionar i overskot. Posisjonen vil nytta to av dei til å oppussing av Os kyrkje til 150 årsjubileet.

Vil gje 2 millionar til kyrkja
Frp og Høgre vil gje ytterlegare to millionar til Os kyrkja for opprusting før 150 årsjubileet i 2020 (foto: AH)
Andris Hamretorsdag 10. mai 2018 10:55

I februar blei det kjend at Os kommune gjekk med 51,9 millionar kroner i overskot med ein resultatgrad på heile 9,4%.

Tysdag handsama formannskapet korleis overskotet skal disponerast. Rådmann Christian F. Fotland hadde foreslått følgjande disponering:

• 2,9 millionar til Arkiv - opprydding
• 3 millionar til Vedlikehald
• 2 millionar til Digitalisering
• 200.000 kroner til Aktivitetsapparater Os ungdomsskule
• 43.890.944,12 kroner til investeringsfond.

– Kommunen har gjennom fleire år investert mykje i kommunale bygg og anlegg. Som følgje av dette har kommunen fått ei lånegjeld som er høg samanlikna med andre kommunar. Mykje tydar på at det vil vere behov for store investeringar også framover. På bakgrunn av dette oppretta kommunen i fjor eit eigenkapitalfond til komande kommunale investeringar. Rådmannen ønskjer å vidareføre dette og foreslår å fylle på fondet med kr 43.890.944,12, heiter det i framlegget får rådmannen.

Treng å rusta opp kyrkje

Då formannskapet hadde si budsjettkonferanse i november i fjor haust fortalde nestleiar i soknerådet, Arne Tveit, at Os kyrkje treng omfattande vedlikehald.

– Om vi ikkje gjer naudsynt vedlikehald vil tilstanden gå veldig fort nedover. Det vi må gjera i år er utvendig vedlikehald på tak, lynavleiarar, renner, treverk og måling. Kyrkja blei sist måla i 2005. Alt blir mykje dyrare om du ikkje tek det undervegs. Det er her vi håper på hjelp frå kommunen, sa Tveit som også peika på innvendige behov.

Vil gje to millionar til

Rådmannen sitt budsjettframlegg hadde lagt inn 1 million i 2018 og 2 milliionar i 2019 til opprusting av Os kyrkje i samband med 150 årsjubileet i 2020.

– Vi sa i då vi handsama budsjettet at vi ville komma tilbake når vi såg resultatet for 2017. Vi vil difor bevilga 2 millionar av overskotet til vedlikehaldet av Os kyrkje, innleia Ståle Skaatun (H) på vegne av Frp og Høgre.

I tillegg vil dei setta av 2 millionar meir til vedlikehald, slik at denne potten aukar til 5 millionar, 2 millionar til reasfaltering av kommunale vegar og 2 millionar til trafikksikringsfondet.

– Vi vil redusera avsettinga til investeringsfondet tilsvarande, forklarte Skaatun.

Ba om gruppemøte

Helge Steinum (AP) var glad rådmannen hadde sett av midler til aktivitetsapparater på ungdomsskulen.

– Det hadde vi i vårt budsjettframlegg, så det er vi naturlegvis glade for. Når det gjeld forslaget frå Frp/H så kom det igjen over bordet. Eg vil difor be om eit gruppemøte, fortalde Steinum som etter gruppemøtet fortalde at dei ville støtta rådmannen sitt framlegg no.

– Det kom litt for brått på oss, når det kom over bordet på denne måten, grunngav Steinum.

Frp og høgre fekk støtte frå Venstre og deira framlegg går difor til kommunestyret som innstilling frå formannskapet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.