Miljøvernforbundet vil ikkje akseptera avliving av «Hamnesjefen» og vil gjera det dei kan for å stoppa det (foto: Andris Hamre)

– Vil gjera kva vi kan for å stoppa det

«Hamnesjefen» • Norges Miljøvernforbund med brev til kommune. – NMF vil ikkje akseptera avliving og vil gjera kva vi kan for å få stoppa fullbyrdinga av dette vedtaket.

Av: Andris Hamre

Det har kome mange reaksjonar etter at det måndag ettermiddag blei kjend at Os kommune har fatta vedtak om felling av «Hamnesjefen»

Ein av organisasjonane som har engasjert seg er Norges Miljøvernforbund (NMF) og Ruben M. Oddekalv.

– Miljøvernforbundet kan ikkje sitja stille og sjå på at kommunen gjer så store overtramp mot eit så høgt verdsatt innslag i kommunen. Vi har òg, frå fleire av våre medlemmar, blitt oppmoda om å involvera oss i saka, fortel Oddekalv til Midtsiden.

Større enn «Hamnesjefen»

På vegne av organisasjonen har Oddekalv, som er organisatorisk nestleiar, skrive eit brev til kommune kor dei krev at kommune omgjer vedtaket.

– Det ein i praksis gjer er å beskytte eit fåtall menneskjer mot å måte natur når dei oppsøkjer naturen. Vi er av den oppfatning at all bading, turgåing i strandsone, båtliv etc, er forskjellige måte å oppsøkja naturen på. Blir ein under utføring av nokre av desse aktivitetane forulempa av dyr eller andre forhold ein finn ubehageleg er det fullt mogleg å trekka seg unna.

– NMF meiner denne saka også må sjåast i eit større perspektiv då vi meiner denne diskusjonen er større enn «Hamnesjefen». Dette handlar, i tillegg til dette einskilde tilfellet, om i kva grad menneskje skal skjermast frå naturen, når dei er i naturen, og om at det er på høg tid at det allmektige menneskje tek eit skritt tilbake og også gjer plass til andre skapingar i vår omgjevnad.

I brevet argumenterer dei vidare med at risiko for slike hendingar er noko ein må akseptera når ein er menneske.

Vedtaket eit paradoks

Miljøvernforbundet ser det som eit paradoks at kommunen fattar vedtak om avliving, men utset effektueringa til etter at svanemora er ferdig med mytinga (skifting av fjær, journ.mrk).

– Vi ser det som eit paradoks at ein vel å utsetta tiltaket til etter hoa si myting er over. Aggresjonsnivået hos knoppsvanehanner faller og ein kan då sjå på tiltaket som ein "hemnaksjon". Når hoa er i mytinga har hannen eit særleg ansvar for å verna flokken, difor er aggresjonsnivået høgt, men det tyder ikkje at hannen si rolle er mindre viktig etter dette. Ungane held seg vanlegvis saman med foreldra heilt fram til februar-mars, skriv Oddekalv, som også meiner kommunen ikkje har tilstrekkeleg lovmessig dekning for vedtaket.

– I loven heiter det at: «Vedtak etter første ledd bokstav a til f kan bare treffes hvis uttaket ikke truer bestandens overlevelse og formålet ikke kan nås på annen tilfredsstillende måte.»

– Denne underteksten har hopper ein tydelegvis glatt over og går rett til avliving, seier Oddekalv.

Kan godta flytting

NMF seier dei i ytterste konsekvens kan gå med på ei flytting av svanefamilien til ein meir eigna stad.

– Men vi vil foretrekka at kommunen omgjer vedtaket og heller legg midlar i å gjera avbøtande tiltak, varsle brukarar av strandsona og legge tilhøva til rette for at både innbyggjarar i Os, anten dei er for eller mot avliving, «Hamnesjefen» og familien hans blir ivaretatt på best mogleg måte.

– NMF vil ikkje akseptera avliving og vil gjera kva vi kan for å få stoppa fullbyrdinga av dette vedtaket, avsluttar Oddekalv.

Fleire saker