Lokal | 15. mars 2011

Vil grava sjølv

Om politikerane vil kan gravearbeida til den nye brannstasjonen starta i april. Massane ligg på lager.

Vil grava sjølv
Andris Hamretirsdag 15. mars 2011 13:51

Då kommunestyret sa nei til dei framlagte planane for den nye brannstasjonen 4. mai i fjor sette dei samstundes ned ei arbeidsgruppe av politikarar (Espen Aspenes, Frp og Eirik Neverdal, TvS) og administrasjon (Rådmann Knut Terje Rekve, brannsjef Stein Gjøsund og controllar Christian Moe) som fekk i mandat å fremja eit redusert romprogram tilrettelagt for ei etappevis utbygging i tråd med forventa framtidige arealbehov.

Har tatt tid

Arbeidsgruppa skulle presentera nytt romprogram for formannskapet i juni 2010 slik at ei ny anbodskonkurranse kunne gjennomførast i løpet av sommaren, og på nytt fremjast for kommunestyret hausten 2010.

- Ting har tatt litt lengre tid enn vi såg for oss, seier leiar i arbeidsgruppa Espen Aspenes.

- Vi må nok berre innsjå at framdriftsplanen var for optimistisk.

Redusert arealet med 508 kvm

Arbeidsgruppa har sett på romprogrammet for brannstasjon med legevakt og redusert arealet frå 1950 til 1442 kvm netto.

I saksframlegget til formannskapet tysdag i neste veke skriv arbeidsgruppa at dei har kome fram til eit svært arealeffektivt utkast med b/n forhold på 1,15.

Effekten av det reduserte arealet vurderer arbeidsgruppa til å vera på omlag 1 million kronar i tillegg til dei reine byggekostnadane.

La inn 17,5 millionar ekstra

Kostandane for det reviderte prosjektet tyder på å vera redusert med vel 20% til 43,2 millionar kroner.

Då kommunestyret handsama saka i fjor var det føretrekte prosjektet «Kobra» kostandsberekna til 61,5 mill. Problemet for kommunestyrepolitikarane var at dei berre hadde sett av 24,5 millionar til ny brannstasjon.

I løpet av året, og i samband med økonomiplan 2011-2014 har nok administrasjonen og politikarane innsett at dei 24,5 millionane ikkje kom til å rekka.

Då investeringsbudsjettet for 2011 blei vedtatt la politikarane ytterlegare 17,5 millionar i potten slik at den nye ramma blei på 42 millionar kroner.

Teknisk skal grava

For å halda kostnadane nede har arbeidsgruppa sett på fleire alternative løysingar. Ei av dei dei har falt ned på er at teknisk område i Os kommune sjølv skal ta seg av masseutskiftingane og omlegging av overvannsledningen frå E39.

- Dette gjev ein kostnadsreduksjon på om lag 3 millionar kroner ifølge berekningar gjort av teknisk område, skriv controllar Christian Moe i saksutgreiinga til formannskapet.

I tillegg vil ein kunne redusera marginane med om lag ein million ved å gjera jobben sjølv.

- Vi har bedt våre eigne folk berekna kva dei må ha for å gjera jobben og samenlikna det med dei tala vi har frå private entreprentørar, fortel rådmann Knut Terje Rekve.

- Sidan vi har stein liggande lagra frå VA-anlegget sparer vi ganske store kostnadar på å gjera det sjølv, forklarar rådmannen om besparelsen på 4 millionar kroner.

Arbeidsgruppa ser òg føre seg at kommunen tek arbeidet med tilrettelegging av uteområdet med nedsetting av kantstein, jordmassar og asfaltering.

Lar politikarane velja

Arbeidsgruppa har skissert fleire alternative stadar å kutte kostnadar, men overlet til formannskapet/kommunestyret å ta stilling til desse når anboda føreligg.

  • Utsatt bygging av vaskehall/operasjonell verkstad og kaldtlager (effekt 1,1 mill inkl mva).
    Ikke anbefalt frå brannsjefen då han vurderar dette som ein naudsynt del av stasjonen.
  • Ikke bygga legevakt (effekt 4,5 mill inkl mva)
    Tiltaket får berre innverknad på prosjektet og ikkje på det kommunale budsjettet i heilskap. Dagens utgifter til husleige for legevakt dekkar omlag investeringskostnaden. Samtidig vil auka behov i framtida gje høgare kommunale kostnadar utan ei samlokalisering.

For framtida?

I saksutgreiinga kan ein lesa at arbeidsgruppa vurderer det dei legg fram til å vera på eit minimum ut frå det som krevs av ein brannstasjon av den storleik og funksjon som er påkrevd i Os kommune per dag dato.

- Betyr dette at vi kjem til å få ein for liten brannstasjon om få år?

- Nei, den er stor nok så langt vi kan sjå framover, seier Rekve.

Rådmannen forklarer at dei har tatt utgangspunkt i dei gjeldande dimensjoneringsforskriftane og skissert brannstasjonen med bakgrunn i desse.

- Neste steg i forskriften er når tettstaden Osøyro, og ikkje kommunen som heilskap, bikkar 20.000 innbyggarar.

- Det som truleg kjem først er krav om kassernering av mannskapa, men vi legg opp til ei fleksibel løysing kor vi kan bygga innkvartering over legevaktlokala, eller flytta inn i legevaktlokala om ein finn det mest hensiktsmessig, avsluttar rådmannen som ikkje trur ein kjem til den grensa før om 10-15 år.

Byggestart i september?

Arbeidsgruppa har lagt opp til eit stramt tidsskjema vidare:

• Detaljprosjektering i april, samstundes som grunnarbeida startar.

• Anbodsutlysning i mai med val av entreprenør før sommarferien og oppstart på byggearbeidene i september.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.