Vil ha hjelp med nytt kommunevåpen
Bjørnafjorden kommune ber 6. klassane teikne forslag til kommunevåpen.
I ei sak til fellesnemnda kjem det fram at kulturleiarane/-sjefane i Fusa og Os vil engasjera innbyggjarane i arbeidet med å utarbeida kommunevåpen for Bjørnafjorden kommune.
– Innbyggarane vert invitert til å koma med verbal forslag til element, symbol, ol. (eks. fjord, fjell, plante, dyr,) som dei meiner er representativt for den nye kommunen. I tillegg inviterer vi elevar i 6 klassetrinn til å visualisere gjennom teikning deira forslag, heiter det i framlegget politikarane skal ta stilling til på torsdag.
To-trinns konkurranse
Arbeidet med nytt kommunevåpen, og nytt ordførarkjede, vil bli styrt av ei arbeidsgruppe med kulturleiar i Fusa, kultursjef i Os og rådmann/prosjektleiar i Bjørnafjorden kommune.
– Prosjektgruppa går igjennom dei innsendte verbalforslaga, og vel ut eit representativt grunnlag for vidare prosess. Teikningane frå 6 klassane vert skanna og lagt ut på nett. Her må vi finna ei form for premiering/offentleggjering som kan skapa ekstra engasjement.
– Med bakgrunn i dei valte verbalforslaga vert det lyst ut ein designkonkurranse. Her skal det vera krav til kompetanse innan visuell kommunikasjon. Det vert oppnemnt ein jury, som utarbeidar konkurransegrunnlag og står for gjennomføring. Jury vel ut 3-5 forslag. Det vert lagt fram sak med innstilling til kommunestyra for endeleg vedtak, heiter det i innstillinga.
Vedtak om eit år
Ein ser for seg at innspel og teikningar frå 6. klassingane skal vera ferdig 1. kvartal 2018 og at konkurransa om å utforma dei endeleg forslaga lysast ut før sommaren 2018. Vedtak om nytt kommunevåpen skal etter planen komma opp i dei to kommunestyra i 4. kvartal 2018.
Juryen er foreslått sett saman av arbeidsgruppa, ordførarane i Os og Fusa og ein kunstfagleg konsulent.
Totalt ser ein for seg ei budsjettramme på 115 000 kroner for arbeidet med nytt kommunevåpen inklusive premiar i konkurransa.