Lokal | 27. juni 2016

Vil ha med Sagstad og Nordvik

Kommunestyret ba ordføraren om å ta initiativ for å få Sagstad og Nordvik i Lysefjorden med i den nye Bjørnafjorden kommune.

Vil ha med Sagstad og Nordvik
Ordførar Terje Søviknes (Frp) fekk i oppdrag å ta eit inititativ mot Bergen for å få ei grensejustering mellom dei to kommunane (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 27. juni 2016 12:13

Ikke berre var politikarane samde i at dei ønskja ei ny og sterkare frontkommune sør for Bergen. I tillegg vil dei anektera delar av Bergen inn i den nye Bjørnafjorden kommune.

Etter at bystyret i Bergen tidlegare i sommar beslutta å legge ned Nordvik skule har ikkje lenger nabokommunen i nord faste tenester i området nærast Os. I staden skal elevane som har gått på Nordvik bli bussa over Fanafjellet til Kirkevoll skule.

Ønskjer seg Nordvik

Dette var noko av bakgrunnen for at teamet kom på bordet då kommunereforma blei diskutert sist onsdag.

– Nordvik og grensejustering mot Fanafjellet er blitt ei fornya sak etter at Bergen har vald å legga ned Nordvik. Kommunereforma handlar ikkje berre om å slå saman kommuner, men òg å sjå på grensene. Eg har eit ønskje om å ta kontakt med Bergen, fortalde ordførar Terje Søviknes (Frp).

Fekk støtte

Og Søviknes fekk støtte i ønskjet sitt. Frå partikollega Espen Aspenes kom nemleg forslaget om eit tilleggspunkt i vedtaket kor ein ba ordføraren ta eit initiativ ovanfor Bergen.

– Eg foreslår eit tillegg som heiter; Kommunestyret gir ordføraren fullmakt til å ta initiativ overfor Bergen kommune med tanke på å få til ei grensejustering i Nordvik slik at denne krinsen kan bli ein del av Os kommune i samband med kommunereforma, fremja Aspenes. Tillegget blei samrøystes vedteken av kommunestyret.

Kva med sørover?

Når temaet med grensejusteringar først var brakt på banen peika Terje Sperrevik (TVS) på grensene mot sør i den nye kommunen.

– Når Søviknes først har byrja å kave seg mot Bergen og vil ha med Nordvik i denne kommune, så tenkjer eg at han kanskje også må sjå litt sørover, kor det òg er naturleg å få det med i storkommunen, påpeika Sperrevik.

Fusa grensar nemleg mot Kvinnherad i sør med Mundheim, Gjerdmundshamn, Hatlestad og Ølve på same halvøy som søndre Fusa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.