Vil ha meir fokus på kunsten
Oseanadirektør Ole Tobias Lindeberg vil løfta Griegsamlinga og Hvelvet. – Vi har ikkje fått ut potensialet, meiner direktøren.
Besøkstala i Griegsamlinga og Hvelvet har ikkje vore så bra som ein hadde håpa på då Oseana opna for omlag tre år sidan.
– I 2012 var det om lag 3000 innom, i fjor rundt 3500.
– Vi har ikkje klart å få ut det potensiale som ligg i denne kunstskatten.
– Samstundes må eg berømma det som har blitt gjort her, men det er klart at mykje har handla om den daglege drifta av huset og dei øvrige kulturaktivitetane no desse første åra, seier Ole Tobias Lindeberg.
Får støtte frå Grieg
No vil direktøren ta tak ved å tilsette ein kunstformidlar/-kurator i 60 prosent stilling.
– Vi vil ha inn ein person med kunstfagleg kompetanse som kan ha dette som eit hovudfokus.
– Det trur eg kan bli fantastisk, både for huset og ikkje minst i forhold til publikum.
– Den vi tilset skal få finna ut korleis vi kan auka attraktiviteten, korleis vi kan synleggjera kunsten endå betre, kva vi kan gjera i høve til digital interaktivitet mellom publikum og kunstverka.
– Eg har mange tankar, men det er ikkje sikkert dei er rett. Det skal bli utruleg kjekt å sjå kva vi kan få til med ein person som har dette som hovudoppgåve, smiler Lindeberg.
– Men korleis ser de for dykk å finansiere stillinga?
– Den blir finansiert av Griegfoundation.
– Griegfoundation har heilt frå starten vore ein viktig bidragsyter til Oseana. Det er ikkje tvil om at dei har sterke følelser for huset og vil oss vel.
– Då eg fortalde om prosjektet var tilbakemeldinga at dei ville vera med på finansieringa, avsluttar Lindeberg.