Lokal | 04. mai 2010

Vil ha nok ein binge

I musikkbingen på Kuventræ er kapasiteten allereie sprengt. No vil kommunen setja opp ein til.

Vil ha nok ein binge
Andris Hamretirsdag 04. mai 2010 13:24

- Dette har gått over all forventning. Eg visste at det var mange musikkinteresserte ungdomar i Os, men at kapasiteten skulle bli sprengd så fort hadde eg aldri drøymt om, seier ein entusiastisk kultursjef Lisbeth Axelsen.

Berre ungdommar
Etter skuletid er det heilt fullt av ungdommar under 18 år som spelar og syng. Musikkbingen fyljer åpningstidene til Osbadet. Frå skulen er slutt og til langt ut på kveldane går det i eitt med øving i bingen.

- Det er så utrulig kjekt å oppleva den suksessen dette har blitt. Kanskje kan vi laga eit arrangement i Oseana med alle banda som øver i bingen når den tid kjem. Det ville ha vore artig, seier kultursjefen som er glad for at ungdommane òg viser ansvar og tek godt vare på utstyret som står i bingen.

Vil kjøpa ein til
- Vi søkte om tilskot til ein musikkbinge til, men det fekk vi ikkje. Difor prøver vi no å omdisponere pengar slik at vi kan kjøpa ein binge til i år. Eg reknar med at vi får det til og at vi kjem til å plassera denne på Søfteland, fortel Axelsen.

Ho håpar på at den nye bingen vil vera på plass til hausten.

Tilskot til 40 musikkbingar blei gitt i år, men berre to av dei kjem i Hordaland. Den eine på Austevoll. Det er politikarane som har den endelege avgjerda om Axelsen får omdisponera midlane.

Skryt av rockeklubben
Kultursjefen skryt av den måten Os Rockeklubb har handtert driftsansvaret for bingen. Dei vil òg få ansvaret for den nye bingen når den kjem på plass.

- Rockeklubben og Kjetil Grønvigh gjer ein fantastisk jobb med korleis dei organiserar øvingtidar og driftar musikkbingen på Kuventræ. Difor har vi allereie gjort avtale om at dei skal ta driftsansvaret for den nye bingen òg, seier en særs nøgd kultursjef.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.