Lokal | 16. juni 2009

Vil ha ny bru

Gruppa med strøningar som engasjerte seg for vedlikehald i 2001 meiner Os kommune bør førebu areal til bygging av ny bru til Strøno.

Vil ha ny bru
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 16. juni 2009 10:38

Bildeserie:

1 av 2

- Eg flytta heim igjen til Strøno i 1998. I 2001 skreiv eg eit brev til vegvesenet og i april 2002 fekk eg svar, seier Tom Nordstrønen.

Han var då i ei gruppe på åtte strøningar, nokre med bakgrunn innan det å bygga veg, som pressa på for å få ein statusrapport på Strønebrua. Ikkje så mykje seinare kom vegvesenet med ein rapport som sa at Strønebrua var den nest dårlegaste brua i fylket, og at den kunne bli stengt.

- No har vi hatt vedlikehald på brua sidan 2003. Fredag blei nok ein runde med arbeid avslutta, men vi fryktar at dei kjem til å driva å flikka på brua heilt til ho ikkje kan brukast meir, seier Nordstrønen.

Nordstrønen har samla informasjon om Strøno og Strønebrua på nettsida nordstronen.com, men sakane om brua er no flytta til ein ny blogg på denne sida.

Får for lite midlar
I første runde blei det gjeve 7 millionar kroner til nytt dekke og 4 millionar kroner til nytt rekkverk på brua som blei bygd i 1965. Vedlikehaldsarbeidet starta i september 2003.

- Før dei skulle starta viste det seg at lagra måtte skiftast, og det kosta rundt 5 millionar kroner. Å setja opp stillas under brua kosta rundt 5 millionar kroner det òg, så dei første millionane rakk ikkje så langt.

- Nytt dekke får vi ikkje, for då blir brua så tung at lastebilar og bussar ikkje kan kjøra over. Det arbeidet med vedlikhald av dekke som nyleg blei gjort kjem vi truleg ikkje til å ha glede av lenge, trur han.

I fjor blei også dekket reparert, men då var det øydelagt på Hagavik-sida av brua før dei var ferdig på Strøne-sida.

Vil ha ny tilkomst
Strøningane fryktar at dagen kan koma når brua blir stengt, og ny tilkomst ikkje er på plass.

- Vi har bedt vegvesenet om ein rapport som fortel kor mykje pengar som er brukt til no. Og vi ber kommunen førebu areal til bygging av ny tilkomst, seier Nordstrønen.

- I mellomtida bør det kappast tre på begge sider slik at bilane ser kvarandre før dei kjem til brua. Slik det er no kan vi lett få to lastebilar utpå samstundes, og då kan brua bli yttarlegare svekka.

Nemnt i arealplanen
Leiar for plan- og bygningsutvalet i Os kommune og for samferdsleutvalet i Hordaland fylkeskommune, Gustav Bahus (Frp), seier det i ny arealplan ikkje er sett av areal til ny bru til Strøno.

- Men det er nemnt i den generelle delen av planen, om å tenka på slikt areal på sikt. Det er også naturleg å sjå Strønebrua i samanheng med ny regulering av området Hildershavn - Drange, seier Bahus.

Samstundes nemner han eit anna alternativ:

- Det er litt trongt rundt dagens bru, så vi har òg sett på rundkjøring ved Mørkevågen på Lepsøyvegen og veg over Lepsøy til tunnell under Ulvsund til Sørstrøno.

- Kva veg dei vel får bli kommunen si sak, vi vil berre at dei skal førebu seg og jobba for ein alternativ tilkomst, seier Nordstrønen.

- Folket på Strøno har alltid vore flinke til å kjempa for trafikksakane sine, og det er det god hjelp i. I første omgang vil vi kjempa for endå meir midlar til vedlikehald. Når halvparten går med til å bygga stillas og den andre halvparten er 10 prosent av det du treng så blir det sjølvsagt for lite, seier Gustav Bahus.

Logg inn for å kommentera denne saka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.