Vil ha statlege miljøkroner
MDG vil at Os kommune søkjer om statleg støtte for å få fart på miljøarbeidet i kommunen.
Til formannskapet neste veke har Nils-Anders Nøttseter (MDG) sendt inn eit spørsmål, eller meir ei oppmoding, til ordførar Marie Bruarøy (H) om å søkje midler frå det statlege Klimasats 2017.
– Os kommune har for vane å vera god på å løysa ut statlege midlar. Ny planstrategi for 2016-2020 vart samrøystes vedteke i kommunestyret 1. november 2016, og der står det at både overordna Klimaplan for Hordaland og Klima- og energiplan for Os kommune skal leggast til grunn for all planlegging i kommunen, og det er samstundes vedteke at klima- og energiplanen skal starta rullering i 2017.
– I høve det arbeidet lurer Miljøpartiet Dei Grøne på om kommunen har planar om å søka midlar i stønadsordninga Klimasats 2017 der det er søknadsfrist 15. februar, skriv Nøttseter som viser til to av kommunane som fekk støtte i fjor som døme på kva ein kan få støtte til.
– Asker kommune i samarbeid med Framtiden i våre hender søkte og fekk midlar til å redusera matsvinn. Eit prosjekt som dette kan spara pengar og ressursar lokalt, samstundes som det er eit godt klimatiltak.
– Bærum kommune fekk hjelp til å utgreia fossilfrie anleggsplassar. Vår kommune er som kjend i stor vekst og har ansvar for ei rekkje anleggsplassar. Oslo kommune har vedteke dette og får gode tilbakemeldingar frå entreprenørar som ønskje å satsa, argumenterer Nøttseter.