Lokal | 26. jan. 2011

Vil ha svar frå vegvesenet

Foreldre ved Nore Neset skule vil ha gangfelt. Statens vegvesen seier nei. No vil formannskapet at dei forklarer seg.

Vil ha svar frå vegvesenet
Andris Hamreonsdag 26. jan. 2011 10:02

Midtsiden skreiv i september om Caroline og pappa Egil Krukhaug som ønska seg fotgjengarfelt i Irgenskrysset. No har Statens vegvesen svart at dei ikkje vil laga fotgjengarfelt då dei meinar at det vil auka faren for trafikkulykker.

- Statens vegvesen har vore og talt trafikken og funne ut at det ikkje er grunnlag for å gjera noko tiltak, fortalte teknisk sjef Haldor Fosse.

Dette fekk Hedevig Holst (H) til å slå fast at fotgjengarovergangar tydelegvis ikkje er populært om dagen då ho tok opp saka under politisk kvarter i formannskapet tysdag.

- Kan vi få vegvesenet til å komma opp her og forklara oss ansikt til ansikt kva som er problemet og kvifor det er slik, ba Holst.

- Fosse kan jo tapesera veggane sine med alle dei breva han ha sendt og fått frå vegvesenet om fotgjengarovergangar og lyskryss, utan at det har vore til hjelp, hevda Holst.

- Ligg truleg i normen
Ordførar Terje Søviknes (Frp) forklarte den låge tiltakslysta til vegvesenet med at det truleg er ein eller annan forskar som har funne ut at det er større fare for ulukker med fotgjengarovergang enn uten og at det har blitt lagt inn i normen til Statens vegvesen.

- Dermed kan dei berre visa til normen når dei avslår slike søknadar, sa Søviknes.

Han hadde ikkje stor tru på at det ville hjelpa å få vegvesenet til å koma i formannskapet, men ba likevel administasjonen om å invitera ein representant frå Statens vegvesen til eit kommande møte for å forklara kva dei legg til grunn.

Truleg kan det vera den same normen som gjer at det ikkje har kome merka fotgjengarfelt i enden av Sundøybrua ved Søre Øyane skule. Ei sak Midtsiden.no har omtala fleire gonger, seinast i august i fjor. Forklaringa då var at Statens vegvesen skulle ha ei trafikkteljing før dei gjorde noko meir.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.