Nils-Anders Nøttseter (MDG), bakerst i midten, satte pris på at ein no endeleg skal få ein skikkeleg miljø- og energiplan for Os kommune (foto: Andris Hamre)

Vil ha tydeleg miljøplan

Formannskapet med klar ordre til administrasjonen om å utarbeida ein klima- og miljøplan for framtida.

Av: Andris Hamre

Den komande tida skal Os kommune rullera klima- og energiplanen for kommunen.

– Sist den blei laga var i 2013 og det har ikkje skjedd mykje. Vi må berre innrømma at vi er svake på dette, innleia Arne-Richard Stadaas frå administrasjonen då han gav ei muntleg orientering i formannskapet fredag.

Treng eit tydeleg mandat

Stadaas utfordra politikarane med at det held ikkje med ein skrivebordsplan som dagens plan i praksis er.

– Ein god KLEM-plan (Klima og energiplan, journ.mrk) skal seie kva tilpassingar vi gjer som kommune for våre innbyggjarar. Vi kan ikkje fortsette å sitte med ein skrivebordsplan utan at den forpliktar våre ansatte. Adminstrasjonen treng eit tydeleg mandat og bestilling frå dykk.

– Vi har fått klare tilbakemeldingar frå internasjonale aktører at vår plan er for dårleg til å komma til bords for å få pengar frå EU til tiltak i Lyseparken.

– Prosjektsjef for Lyseparken Fredrik Seliussen seier at skal vi ha truverde, så treng vi ein ambisiøs, forpliktande plan etter modell frå Covenant of mayors, fortalde Stadaas.

Convenant of mayors er eit beslutningsdyktig organ beståande av europeiske ordførarar, som gjennom sine signaturar forpliktar sin kommune på klimamål og tiltak.

Vil kosta rundt 500 000

Stadaas fortalde at administrasjonen trengde ei tilbakemelding på kva politikarane tekte om ressursbråk. Både med tanke på innleige av konsulentar, men òg frå kommunen sine eigne ansatte.

– Kva ressursbruk snakkar ein om, kor mykje krevst, undra Eirik Andre Hesthamar (Frp).

– Vi har jobba dei to siste åra med store miljø som Multiconsult og Asplan Viak. Dei er dyre å leige inn, men det gjev definitivt valuta for pengane. Eit arbeid som dette vil heilt sikkert snuse på 500 000 totalt sett. Men det finst midlar vi kan søke frå andre stader, både nasjonalt og internasjonalt.

Skal ha plan, treng kunnskapsgrunnlaget

Politikarane gav Stadaas eit tydeleg signal om at denne gangen skulle jobben gjerast skikkeleg.

– Det er ingen tvil kor eg står. Dette gir oss i tillegg ein unik profileringsmoglegheit. Eg er veldig glad for å sitta her i dag og vera med å senda ei tydeleg bestilling til administrasjonen, kommenterte Nils-Anders Nøttseter (MDG).

– Vi skal gjera det skikkeleg denne gangen. Det sparer både tid og pengar seinare. Lyseparken er viktig, men det kan også påvirke andre ting som vi ikkje veit om enno. Det kan generere både næring og midler i framtida, supplerte Tone Hepsøe (Ap).

– Vi er veldig positive. Vi er nøydd til å skaffa oss eit kunnskapsgrunnlag. Det må eg ha før eg kan signera eit dokument i eit europeisk ordførar-nettverk. Så får vi ta stilling til kva vi kan forplikta oss til i framtida. Det må ikkje bli så ambisiøst at det kveler næringslivet, men kunnskapsgrunnlaget må vi få fram, kommenterte ordførar Marie Bruarøy (H).

– Det er to sidar av kostnadsperspektivet, dei økonomiske og dei miljømessige. Dette gir oss grunnlaget for dei lange linjene, svara Nøttseter før eit samrøysta formannskap gav administrasjonen den klare ordren om å utarbeida ein klima- og energiplan for framtida.

Fleire saker