Lokal | 30. mai 2014

Vil hasteavklare E39-spørsmål

Grunneigaravtale og fylkeskommunal garanti må på plass før bompengeproposisjonen for E39 Svegatjørn-Rådal kan sendast Stortinget.

Vil hasteavklare E39-spørsmål
Silje Hjemdal, statssekretær Bård Hoksrud og stortingsrepresentant Helge Andre Njåstad diskuterte E39 Svegatjørn-Rådal med Terje Søviknes onsdag (privat foto)
Andris Hamrefredag 30. mai 2014 09:38

Onsdag ettermiddag var ordførar Terje Søviknes (Frp) i møte med statssekretær i samferdselsdepartementet, Bård Hoksrud (Frp), stortingsrepresentant Helge Andre Njåstad (Frp) og fylkespolitiker Silje Hjemdal (Frp).

– Terje Søviknes var med på møtet via telefon grunna flytrøbbel.

– Det var eit godt møte i innspurten med arbeidet med denne viktige proposisjonen for Os og Vestlandet.

– Det nærmar seg at proposisjonen kan sendes Stortinget, men det er framleis nokre regionale moment som må løysast før saka kan leggast fram.

– Desse sa Søviknes han ville ta det naudsynte intitativet til å få på plass, fortel Helge Andre Njåstad til Midtsiden.

Fylkeskommunal garanti

Grunna noko uklar eller svak kommuikasjon internt i systemet mellom departementet, vegdirektoratet og Statens Vegvesen har det ikkje kome fram kortid den fylkeskommunale garantien for låna bompengeselskapet skal ta opp måtte vera på plass.

– Departementet vil ha denne på plass på førehand.

– Difor blei det mange telefonar onsdag kveld, fortel Søviknes.

Saka om garanti vil no bli fremja som ei ekstraordinær sak på fylkestinget sitt møte 11. og 12. juni.

– Eg skal i møte med fylkesrådmannen på mandag for å forbereda saka.

– Hadde vi ikkje klart det, ville saka truleg først kunne ha blitt handsama i fylkestinget i oktober med dei konsekvensane det hadde ført med seg.

Kor stor den fylkeskommunale garantien må vera på veit ikkje Søviknes i skrivande stund.

– Vi har ikkje fått beløpet frå Statens Vegvesen og Bompengeselskapet, men det gjer vi til måndag.

– Det er litt frustrerande, men samstundes greitt når folk stiller opp på kort varsel og gjer det dei kan for at vi skal få saka igjennom.

Avtale med grunneigar må på plass

Det andre punktet departementet vil ha på plass før saka kan sendast Stortinget er avtale med grunneigarane i høve massedeponia.

– Det er litt spesielt. Vanlegvis er dette noko som kjem når saka er godkjent i Stortinget, men no vil dei i Oslo ha det opp på førehand.

– Deponiet i Hordnesskogen er det Hordaland Fylkeskommune som er grunneigar på, så også den saka skal vi drøfta på måndag.

– Staten Vegvesen har forslag til avtale klart, så eg satsar på ei avklaring måndag.

– Det er mogleg den må opp i eit ekstraordinært Fylkesutval i samband med Fylkestinget 11. og 12. juni, forklarar Søviknes.

– Må stå på heilt inn

Søviknes er optimistisk i høve å få dei to sakane gjennom i fylket.

– Eg trur vi skal klara å løsa dei to punkta, men det viser at vi må følge opp og jobba tett på heile vegen for at vi skal komma i mål.

– Kva med dei punkta du spelte inn i notatet ditt til Hoksrud tidlegare i vinter då?

– Eg kan ikkje seie så mykje om det som blei diskutert rundt dei, men eg er optimist, avsluttar Søviknes.

Helge Andre Njåstad fortel at dei framleis jobbar med innspela frå Søviknes om å få korta ned innkrevingstida.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.