Sport | 16. feb. 2011

Vil hjelpa Erik

Eldsjeler har no starta kronerulling for å hjelpa kappgjengar Erik Tysse fram mot ankesaka.

Vil hjelpa Erik
Andris Hamreonsdag 16. feb. 2011 09:52

Erling Andersen og Einar Vevatne har late seg opprøra av den handsaminga dopingmistenkte Erik Tysse har fått av domsutvalet. Kappgjengaren vil anka saka til den internasjonale voldgiftsretten for sport (CAS) i Lausanne i Sveits.

- Det er klart at ankeprosessen vil kosta Erik mykje tid og, ikkje minst, pengar, seier Erling Andersen.

- Derfor har vi bestemt oss for å ta initiativ til ei kronerulling til ankesaka, slik at belastninga kan bli litt mindre for Erik, forklarar Andersen.

Saman med Vevatne trur han at ankeprosessen vil ta minst tre-fire månader.

Støttar kvarandre

Andersen var på eige initiativ på plass då saka var oppe i domsutvalet til Noregs idrettsforbund.

- Den behandlinga Erik fekk i domsutvalet, kor dei berre la aktor sine argument til grunn for dommen, gjer at vi no engasjerer oss også økonomisk, seier dei to.

- På oss verkar det som om dopinglaboratoria er meir opptatt av å støtta kvarandre enn å sørgja for rettstryggleiken for utøvaren.

- For meg blei det klart at vi måtte gjera noko etter at eg las kronikken dei sakkunnige skreiv i BT 10. februar, seier Vevatne.

For rein idrett

Dei to initiativtakarane har begge lang fartstid i friidrett, men presiserer at dette er eit privat initiativ.

- Det er òg viktig for oss å få fram at vi vil at idretten skal vera rein, og at dei som gjer noko ulovlig skal bli tatt. Men samstundes må vi vera trygge på at dei som er reine ikkje blir utsett for justismord og dømd for noko dei ikkje har gjort, seier Vevatne.

- Eg har kjent Erik sidan han lærte å gå. Eg veit kva han står for som person og idrettsutøvar, og kan ikkje i min villaste fantasi sjå for meg at Erik vil juksa. Han er ikkje typen, slår Erling Andersen fast.

Utfordrar næringsliv og privatpersonar

Dei to har oppretta ein bankkonto - Kronerulling til ankesak for Erik Tysse - som dei oppmodar næringsliv og privatpersonar til å gje si støtte via.

- Vi reknar med at Erik kjem til å få utgifter opp mot 500.000 kroner i samband med ankesaka.

- Pengane som kjem inn vil gå til å dekka dei utgiftane Erik får i saka til oversetting av dokumentasjon, ytterlegare utgreiingar og kostnader i samband med sjølve handsaminga i Sveits, avsluttar Andersen.

Om du vil gi di støtte er kontonummeret 3633.30.18351

I samband med kronerullinga har dei fått oppretta ei heimeside kor ein kan følgja aksjonen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.