Sport | 22. aug. 2018

Vil hjelpa «Os’ slappaste» ut av sofaen

Personleg trenar deler ut trening og rådgjeving verdt 70.000 kroner.

Vil hjelpa «Os’ slappaste» ut av sofaen
Daniel Hylland deler ut seks månadar trening og vegleiing. Om han finn dei rette kandidatane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 22. aug. 2018 20:19

I september i fjor opna Bootcamp Os som avdeling av Energi Trening.

– Bootcampen har gått veldig bra! Før sommarferien hadde vi timar seks dagar i veka, 13 timar totalt, og det var så og seia fullt på dei fleste, fortel Daniel Hylland.

No startar han hausten med eit tilleggsstunt; han vil finna «dei to slappaste» innbyggarane i Os, og med tett oppfølging i seks månadar få vedkomande i god form og på rett spor i treningskvardagen.

To som vil, men som ikkje har kome i gang

Daniel vil bruka tida fram til 7. september på å søka etter kandidatar. Så vil han bruka ei god veke på å vurdera desse opp mot kvarandre, blant anna med intervju.

– Eg vil finna nokre kandidatar der potensialet til å forbetra formen er stort, at dei både har eit utrent utgangspunkt og eit reelt ønskje om å koma i betre form.

Vegleiing med høg verdi

Når kandidatane er valt ut startar treninga.

– Vi byrjar varsamt, tre dagar i veka er nok. Ønskjer dei å trena eller å mosjonera utanom, så hjelper eg dei med rådgjeving der òg.

Alt er gratis og utan at deltakarane forpliktar seg til vidare trening eller medlemsskap. Ifølgje Hylland har treninga og PT-timane ein samla verdi på 35.000 kroner per deltakarar.

– Eg er spent på interessa for dette. Vi gjorde tilsvarande på Askøy, der vi hadde tre deltakarar. Både prosjektet og resultatet til deltakarane blei veldig vellykka!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.