Sport | 24. aug. 2009

Vil i serie i 2010

Ei gruppe med osingar har etablert seg med tysk trenar og fast treningstid på Kuventræ. Målet er å spela amerikansk fotball i 2. divisjon neste år.

Vil i serie i 2010
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 24. aug. 2009 20:43

Bildeserie:

1 av 6

- Kollegaen min, Preben Henanger, blei inspirert av ein TV-serie, og spurte meg om ikkje vi kunne prøva å starta klubb i Os. Eg stilte opp som trenar og no er vi 13 ivrige medlemmer, fortel Christian Detjen.

Christian er frå Tyskland, men har budd og jobba i Os sidan 2002. Han byrja å trena amerikansk fotball i 1989, og heldt formen ved like i Bergen Storm ein sesong.

Seriestart i mai
Laget som trenar på kunstgraset på Kuventræ kvar fredag kveld har tatt namnet Os Wolverines, som er engelsk for "jerv". I oktober får dei meir banetid og aukar til to treningar i veka, og målet er å bli mange nok og gode nok til å stilla i norsk 2. divisjon frå mai 2010.

- Vi skal nok bli klare til seriestart i mai, men treng nokre fleire spelarar, seier Christian, som også har vore trenar for eit norsk juniorlag.

Tryouts til helga
No inviterer den ferske klubben til tryouts førstkomande fredag.

- Vi startar klokka 19, og folk er velkomne til å vera med på ei trening, eller til å sjå på, og eventuelt koma med spørsmål etterpå. Amerikansk fotball passar dei fleste, anten dei er tung eller lett, vi finn roller som passar alle.

- Kva med cheerleaders, søkjer de etter heiajenter òg?

- Nei, det har eg førebels ikkje tid til å tenkja på. Men dukkar det opp nokre danseinstruktørar og nokre jenter som vil øva inn kamprop og dans så kunne dei jo ha førebudd seg på sesongen som kjem.

Lite kontakt
Trenaren har kjøpt inn utstyr til klubben, som medlemmane kan låna, og noko som er for sal.

- Vi har utstyr som folk kan låna i starten, og for rundt 1500 kroner kan du kjøpa eiga drakt, hjelm og tannbeskyttar.

- Amerikansk fotball er ein kontaktsport, men det er mindre kontakt enn folk ofte trur. å treningane no i starten fokuserer vi dessutan meir på teknikk, duellar blir det meir av seinare, seier Christian.

Eksterne lenkjer:
Os Wolverines
Norges Amerikansk Fotballforbund
Om Amerikansk Fotball på Wikipedia
NFL

I filmsnutten under bilda kan du sjå eit triks dei truleg ikkje har øvt inn på Kuventræ enno.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.