Lokal | 30. jan. 2018

Vil ikkje blanda seg inn

Politikarane vil la administrasjonen jobba med omsorgsteknologi i fred.

Vil ikkje blanda seg inn
Eirik André Hesthamar (Frp) er både leiar av styringsgruppa for omsorgsutbygging og omsorgsteknologi, og for Tenesteutviklingsutvalet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 30. jan. 2018 11:59

Det bestemte styringsgruppa for omsorgsutbygging og omsorgsteknologi då dei hadde sitt første møte måndag ettermiddag.

– I denne fasen vel vi å nedprioritera dette frå vår side, då det skjer så mykje anna på området, forklarar leiar i styringsgruppa, Eirik André Hesthamar (Frp). Han sit som politiske representantar i gruppa saman med Marie Bruarøy (H) og Olaug Tvedt Keys (TvS).

Administrasjonen godt i gang

Bakgrunnen, for det som nesten kan virka oppsiktsvekkande, at politikarane ikkje vil blanda seg, er enkel.

– Fusa kommune har kome langt på veg i høve omsorgsteknologi og Os er i ferd med å hekta seg på på administrastrativt nivå.

– I tillegg har vi nett tilsett Ottar Midtrød som IT-leiar for Bjørnafjorden kommune. Han kjem frå tilsvarande stilling i Fusa og får også ansvaret for IT i Os kommune fram mot kommunesamanslåinga. Han har med seg dette perspektivet inn i jobben, både det som skal gjerast i Os no, og ikkje minst i arbeidet med å digitalisera tenestene i Bjørnafjorden kommune.

– Utvalet følte det difor unaturleg at vi skulle gå utpå der igjen, det trur vi berre vil vera kompliserande for dei prosessane som allereie er i gang. Vi meiner at det er meir naturleg at Tenesteutviklingsutvalet som Fellesnemnda for Bjørnafjorden kommune oppnemnde før jul er dei som får denne rapporteringa, avsluttar Hesthamar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.