Lokal | 09. apr. 2017

Vil ikkje driva valkamp

Os Venstre nektar å drive valkamp opp mot stortingsvalet. Grunn: Fylkeslaget si handtering av bru over Bjørnafjorden.

Vil ikkje driva valkamp
Glenn Erik Haugland og resten av Os Venstre nektar å drive valkamp etter at ein resolusjon om Hordfast ikkje blei handsama på fylkesårsmøtet til partiet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 09. apr. 2017 08:07

Os Venstre er så opprørt av fylkeslaget si handtering av Hordfast-saka at dei har bestemt seg for ikkje å driva valkamp.

– Vi kan ikkje møta veljarane med det som no har skjedd, seier nestleiar Glenn Erik Haugland til BT.

Styret i lokallaget har no gitt beskjed om at dei ikkje kjem til å driva valkamp for partiet og førstekandidat Terje Breivik i stortingsvalet til hausten.

Fekk ikkje handsama resolusjon

Bakgrunnen for det oppsiktsvekkande valet er behandlinga av Hordfast-saka på partiet sitt fylkesårsmøte tidlegare i vinter.

Os V hadde i samråd med Breivik utforma ein resolusjon kor dei gjekk inn for at E16 skulle prioriterast før E39 Hordfast. I tillegg skulle ein sjå på den indre traseen på nytt.

Problemet er at det på årsmøtet blei bestemt at resolusjonen ikkje skulle stemmast over.

– Folk hadde ikkje rekt å finna plassene sine før det blei bestemt at ein skulle gå for tre andre forslag til resolusjon. Saka blei dermed aldri handsama. Det var veldig rart. Nokon trakk i nokre tråder, seier Haugland til avisa og understreker at dei protesterte mot den manglande handsaminga.

– Veldig alvorleg

Terje Breivik, førstekandidat for Venstre frå Hordaland og nestleiar i Venstre, er lite nøgd.

– Om dette blir ein realitet, så er det veldig alvorleg. Os er ein stor og viktig kommune. Det blir adskillig tyngre både for fylkespartiet og meg om vi ikkje får denne drahjelpa, seier Breivik til BT.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.