Lokal | 20. mai 2016

Vil ikkje snakka med Samnanger enno

Styringsgruppa for kommunereforma i Os møttest i ekstraordinært hastemøte fredag.

Vil ikkje snakka med Samnanger enno
Styringsgruppa møttest fredag ettermiddag (arkivfoto: AH)
Andris Hamrefredag 20. mai 2016 16:39

Onsdag behandla kommunestyret sak om dialog med Fusa og Tysnes, etter ein lang vinter med møter kommunane imellom, torsdag meldte Samnanger seg på.

I eit halvannan time langt møte i styringsgruppa for kommunereforma fredag ettermiddag konkluderte dei med at det ikkje var rett tid å snakka med Samnanger no.

– Det å la Samnanger kobla seg på no og tre inn i prosessen tykkjer vi blir vanskeleg. Det er ikkje tid i løpet av dei fire vekene fram til kommunestyretmøtet i juni å gjera ein skikkeleg prosess med å få fakta og utredninger på bordet, fortel ordførar Terje Søviknes (Frp).

Lukker ikkje døra

Ingen av representantane i styringsgruppa, som består av formannskapet og gruppeleiarane i dei partia som ikkje sit i formannskapet, vil lukke døra for ei eventuell samanslåing med Samnanger.

– Vi var samstemte i at det ville vera problematisk å starta den prosessen no. Det er ingen av oss som vil slå handa av Samnanger, difor får vi heller ta som ein separat prosess etter 1. juli fram til fylkesmannen skal seie sitt 1. oktober.

God og tydeleg informasjon

Noko av bakgrunnen for å ikkje inkludera Samnanger ligg i eit ønskje om å få ein god og ryddig prosess saman med Fusa.

– No er det viktig at vi får ein tydeleg og god informasjon ut til innbyggarane i Os og Fusa omkring intensjonsavtalen. Dei to forhandlingsutvala skal møtast måndag morgon for å bli einige om ein justert framdriftsplan etter at Tysnes sa nei, fortel Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.