Lokal | 13. sep. 2016

Vil ikkje tvinga Tysnes med

Fylkesmann Lars Sponheim presenterte tysdag sitt nye kommunekart for Hordaland med Bjørnafjorden kommune uten Tysnes eller Samnanger.

Vil ikkje tvinga Tysnes med
Frå forhandlingane mellom Os, Tysnes og Fusa. No tyder det på at fylkesmannen ikkje vil tvinga Tysnes inn i den nye kommunen (foto: AH)
Andris Hamretirsdag 13. sep. 2016 12:04

Det har vore nokre spekulasjonar på om fylkesmann Lars Sponheim ville teikna eit anna kommunekart enn det som har kome fram etter at kommunane sjølve har hatt diskusjonane og blitt einige om å slå seg saman.

– Ut frå ein overordna tankegang er eg litt skuffa over at me ikkje fekk til ein større kommune aust for Bergen, sa Sponheim på ei konferanse for ordførarane i Hordaland i følgje NRK Hordaland.

Håper han slepp å bruka tvang

I følgje NRK presenterte Sponheim følgjande samanslåingar i Hordaland.

  • Nordhordland med Lindås, Meland og Radøy
  • Nye Øygarden kommune med Sund, Fjell og Øygarden
  • Bjørnafjorden med Os og Fusa
  • Hardanger kor Odda og Ullensvang slår seg saman, med eller utan Jondal
  • Nord for Hardangerfjorden med Voss og Granvin

Sponheim skulle nok ha ønskja seg at fleire ville slått seg saman, men sa samstundes at han håpte dei ikkje trengde nytta tvang.

I følgje NRK meiner Sponheim at Samnanger lever på lånt tid og Tysnes må gjera eit val.

Trur det kjem ein kommunereform 2.0

Ordførar Terje Søviknes (Frp) som var tilstades på møte kommenterte saka på denne måten på si eiga facebookside.

– Klar tale fra Sponheim i dag. Som jeg har sagt lenge; - det blir en Kommunereform 2.0 i neste Stortingsvalgperiode. Os og Fusa blir kjernen i en ny regionkommune sør for Bergen. Tysnes og Samnanger sitter på "venterommet" og må ta stilling til hvor de skal gå i neste runde...

Går vidare

Os og Fusa kommuner, som har vedteke at dei skal slå seg saman, går allereie i haust vidare i prosessen. Formannskapet i Os skal i morgon ta stilling til oppretting av ei styringsgruppe for kommunereforma for dei to kommunane.

– Os kommunestyre vedtar at det vert sett ned ei styringsgruppe for kommunereforma for kommunane Os og Fusa fram til fellesnemda er vald hausten 2017.

– Styringsgruppa har følgjande samansetting frå dei to kommunane: Ordførar, Varaordførar, Politikar frå opposisjon, Rådmann, Tillitsvald, foreslår rådmann Christian Fredrik Fotland i framlegget.

Styringsgruppa sitt mandat er å starte dei nødvendige prosessane fram mot etablering av ei fellesnemd i 2017. I tillegg er det hensiktsmessig at styringsgruppa starter eit arbeid knytt til nøkkelfunksjonar for samanslåingsprosessen, heiter det i forslaget til vedtak.

Framlegget har vore diskutert mellom ordførarane og rådmenna i dei to kommunane. Styringsgruppa rapporterar til formannskapet gjennom ordførar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.