Lokal | 25. sep. 2012

Vil informera betre

4.500 Telenor-abonnentar i 10 kommunar i Hordaland var utan breiband og fiber måndag. Den einaste plassen dei informerte om feilen var på facebook.

Vil informera betre
Os var blant kommunane som blei ramma av Telenor sine problem måndag. Den einaste informasjonen som gjekk ut var på facebook. (Flyfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 25. sep. 2012 09:28

"Gøy med fiber og internett frå Telenor. Ikke TV eller nett og absolut ingen informasjon om hva som skjer" skreiv ein Midtsiden-lesar i sms til redaksjonen måndag kveld.

I 14-tida måndag fekk Telenor problem med ein hovudruter som står i Bergen. 4.500 abonnentar i 10 ulike kommunar, inkludert Os, fekk problem med nett og mobil.

– Mobil gjekk det ikkje så hardt ut over, men mange var utan nett og dei som har fiber vatr også utan TV. Eg forstår at dei som var utan TV var spesielt opptatt av å få informasjon om framdrifta, seier regional informasjonssjef Per A. Meling til Midtsiden.

Måtte skifta utstyret

Feilen var retta igjen i 16-tida, men rundt klokka 18 kom same feilen igjen.

– Dermed måtte vi skifta utstyret som svikta, og det tok tid.

Rundt midnatt var Telenor-kundane på nett igjen.

Vil informera betre

På telenor.no sto det ikkje noko om driftsproblema måndag. Kundane blei heller ikkje orientert om status per sms.

Den einaste plassen vi fann informasjon var på Telenor si facebookside.

– Facebook er ein fin plass å nå ut til mange, men vi jobbar med å få til ei løysing der vi enkelt kan legga ut korte driftmeldingar på telenor.no også.

– Vi beklager at vi ikkje har nådd ut til alle og håper på å informera betre neste gong det blir behov for å orientera om status eller eventuelle tekniske problem.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.