Lokal | 31. aug. 2018

Vil intervjua 50 til 100 bjørnafjordingar

– Vi ønskjer å koma i kontakt med eit så breitt spekter av innbyggarane som mogleg.

Vil intervjua 50 til 100 bjørnafjordingar
Tysdag var det oppstartmøte for prosjektet «Profil og Identitet i Bjørnafjorden kommune». (Pressebilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 31. aug. 2018 06:53

Tysdag denne veka hadde representantar frå Bjørnafjorden kommune og Oktan Bergen oppstartsmøte i prosjektet som har fått namnet «Profil og Identitet i Bjørnafjorden kommune».

Oktan blei i juni tildelt jobben med å utarbeide ein merkevareplattform, visjon, misjon, verdigrunnlag og slagord for den nye kommunen. I tillegg skal selskapet laga ein grafisk profil for Bjørnafjorden kommune.

– Det blei ein sjampanjelunsj på kontoret då vi fekk tilslaget på anbodet. Dette var ein jobb vi verkeleg hadde lyst på, men det er no den startar, seier prosjektleiar Therese Rygg frå Oktan i ei pressemelding.

Lager brei samansett prosjektgruppe

Saman med ei prosjektgruppe, sett saman av tilsette i dei to kommunane, politikarar, næringslivrepresentantar og innbyggjarar i Os og Fusa, skal Oktan i løpet av dei kommande vekene læra nye Bjørnafjorden kommune å kjenne.

- Det første vi skal gjera er å setja ned prosjektgruppa som skal hjelpa oss med å få innsikt.

– Denne kjem til å blitt sett saman i neste veke. Då kan det vera at osingar og fusingar får ein telefon frå ein av ordførarane Marie Bruarøy eller Atle Kvåle med spørsmål om å vera med.

Vil intervjua bjørnafjordingar

For å få eit godt innblikk i den nye kommunen vil Oktan og prosjektgruppa intervjua opp mot hundre innbyggjarar i Os og Fusa.

- Når prosjektgruppa er på plass i løpet av komande veke vil den, saman med oss frå Oktan, gjennomføra mellom femti og hundre intervju med ulike personar i Os og Fusa.

– Vi ønskjer å koma i kontakt med eit så breitt spekter av innbyggjarane som mogleg. Om du er ung eller gamal, jobbar i det private næringsliv eller i det offentlege, heilt fersk innbyggjar eller har budd her heile livet, mellom to jobbar eller driv for deg sjølv, speler inga rolle. Vi vil snakka med deg, seier Rygg.

- Om veldig mange melder seg, så kan det vera at vi ikkje rekk over alle. Målet er å få ei så brei innsikt i kva verdiar og haldningar bjørnafjordingen står for. Vi vil jo at dette skal bli ei merkevare som folk kan kjenne seg att i, avsluttar prosjektleiaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.