Ordføraren vil invitere næringsaktørane som nyttar industrikaien på Os til møte for å diskutera skjerminga av hamna (foto: Andris Hamre)

Vil invitere næringa til møte

Ordførar Terje Søviknes (Frp) vil invitera næringsaktørane i møte for å diskutere skjerminga av Os hamn.

Av: Andris Hamre

I byrjinga av mars fortalde både Jan Erik Einarsen i Sveholmen Shipping, rederiet som nyttar industrikaien i Os sentrum for å levera sand og asfalt til mellomanna Brødrene Borgen, at dei var kritiske til kommunen sine planar om å gjera innseglinga til hamna trongare når dei skal legga ut bølgjebrytarane for å skjerme hamna.

– Eg veit ikkje kva kommunen har tenkt, men ut frå dei skissene eg har sett av planane, så ser det heilt idiotisk ut. Gjer ein dette så blir hamna berre brukanes for ein 13 fots Askeladden eller ein 40 fots Princess. Ein har i allefall ikkje tatt omsyn til skipstrafikk og varelevering på industrikaien, sa Einarsen til Midtsiden då.

Har brukt maritime rådgjevarar

Ordførar Terje Søviknes (Frp) fortel at kommunen i morgon, torsdag, skal ha eit møte for å gå gjennom dei testane som er gjort av bølgjebrytarane i Spania.

– I samband med det møtet vil eg løfta opp dei innspela som har kome frå næringsaktørane. Vi har nytta maritim kompetanse og rådgjevarar når vi har prosjektert dette. Dei meiner at dei måla og avstandane vi har lagt opp til er det vi treng for å ha ei brukbar hamn.

– Samstundes er det fornuftig å ta ein diskusjon med næringsaktørane no, medan vi framleis har sjansen til det. Eg vil difor at inititativ til å invitere dei inn til eit møte, seier Søviknes.

– Vi er klare

Kristian Borgen, i Borgen Betong, som truleg er den største brukaren av industrikaien er positiv til ordføraren sitt initiativ.

– Blir vi invitert så stiller vi.

– Eg er òg interessert i å høyre kva kommunen tenkjer om næringsareal til sjø. Det er ikkje til å stikke under ein stol at dei vil ha oss vekk frå sentrum, men då må dei ha ein plan for kor og kva dei vil gjera for å etablera eit nytt næringsareal.

– Det er greit at vi har mykje sjølinje i kommunen, men det er ikkje alt som er eigna. Dei må i allefall tenkje seg om, påpeiker Borgen.

Fleire saker