Lokal | 06. aug. 2018

Vil kåra den beste pokerspelaren i Os

Torsdag og fredag er det onlinemeisterskap i Os, Fusa, Samnanger og Austevoll.

Vil kåra den beste pokerspelaren i Os
(Ill. foto: Coolbet.com)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 06. aug. 2018 07:55

Speleselskapet Coolbet.com arrangerer i år lokale onlinemeisterskap frå kommune til kommune. Det starta 1. mars, i fylka Oppland og Østfold, og held fram til 29. september.

– Folk har tatt veldig godt imot dette lokale konseptet. Her kan du spela mot sambygdingar, venar, famile og kollegaer. Dei kjempar meir om prestisje enn dei store pengane, seier Mikael Mellqvist frå Coolbet.

Premie, pokal og stor finale i utlandet

Vinnaren får, i tillegg til vinnarpotten, ein diplom og den gjeve tittelen. I tillegg er kvar kommunemeister kvalifisert til online fylkesfinale 30. september.

Vinnarane av fylkesmeistertittelen får pokal og premie verdt 12.000 kroner, i tillegg til vinnarpotten.

Fylkesvinnarane er dessutan kvalifisert til noregsfinale i Tallin i oktober med endå høgare premie. Denne er ikkje online, men blir spelt live rundt pokerbordet.

Har hatt uerfarne vinnarar

Torsdag kveld er det Os-meisterskap i Os, fredag står Samnanger, Fusa og Austevoll for tur. Tysnesingane må venta til måndag.

– Kor mange deltakarar er vanleg per kommune?

– Samla sett har dette vore ein stor suksess med over 1300 deltakarar til no, men per kommune er det gjerne berre 10-20 deltakarar.

- Noreg har svært mange gode pokerspelarar, fleire av desse beste har deltatt og blitt meister i sin kommune. Men vi har òg hatt vinnarar med ganske lite pokererfaring.

For å delta i kommunepoker må du anten ha bustadadresse i kommunen, jobba eller studera i kommunen eller ha vakse opp i den aktuelle kommunen. Det er lov å delta i inntil tre kommunar, og du kan berre bli meister i éin av dei.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.