Aldona Petkeviciene frå Lithauen har budd i Os i tre år. No vil ho undersøka om brunsneglproblemet kan bli butikk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Aldona Petkeviciene frå Lithauen har budd i Os i tre år. No vil ho undersøka om brunsneglproblemet kan bli butikk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Vil laga fôr av brunsnegl

– Sneglen er full av næringsstoff og kan bli mat til både leppefisk og kalkun, seier Aldona Petkeviciene.

Kjetil Vasby Bruarøy
08. desember 2015 - 12:23

I sommar skreiv vi om både Snegleslukeren-oppfinninga frå Nordvik og June Garvik frå Øyane, som fann sin eigen metode.

Garvik tømte dessutan sneglane på sjøen, der ho registrerte at leppefisk såg ut til å lika sneglane godt.

No vil ei anna kvinne frå Os, Aldona Petkeviciene, laga fôr av den plagsomme, men næringsrike brunsneglen.

– Sneglekjøtt inneheld protein, fett, jern, kalsium, magnesium, fosfor, kobber, sink, vitamin A, B6, B12, K og folat, og er på mange måtar eigna som fôr, fortel Petkeviciene.

Det var oppdrettsmagasinet kyst.no som først omtalte gründeren sin idé.

– Fôret kan bli aktuelt for fleire artar, både leppefisk, rognkjeks, kylling og kalkun.

Frå sjølvplukk til butikk?

Petkeviciene er frå Lithauen og har bachelorgrad, ikkje innan naturfag, men leiing. Ho har mann og to døtre og flytta til Os for tre år sidan. Ideen fekk ho etter mange timar med snegleplukking i hagen på Lunde.

– «Tenk om brunsneglen kunne brukast til noko nyttig», tenkte eg.

Ho har firma frå før, men har no registrert endra formål til også å inkludera brunsnegl-butikk.

I starten er tanken å plukka brunsnegl i private hagar i Os. Ho vil òg søkja Os kommune om bruk av offentleg areal til plukking.

– Det er grupper av snegleplukkarar som har plukka 600 kilo på eit år og enkeltpersonar som har plukka 10.000 brunsnegl.

Kan få hjelp frå heimlandet

I Lithauen er det fleire som dyrkar sneglar til eksport, blant anna til Frankrike.

– Eg har vore i dialog med foreininga som organiserer desse dyrkarane, i tilfelle vi på sikt treng auka volum, at vi må dyrka fram sneglane.

– Må forskast på

Aldona har vore i kontakt med alt frå Sintef i Trondheim til fôrautomat-grûnderane i Aqua Circle i Os.

– Eg blei anbefalt å kontakta Forskningsrådet og be om støtte. Forsking kostar mykje pengar.

– Sneglane kan ikkje gå direkte frå ein privat hage og ut som fôr. Snegletarmen kan innehalda ulike giftstoff og bakteriar, som salmonella, og må steamast. Så kan den tørkast og bli mjøl for produksjon av fôr.

Ho var tidleg i prosessen i kontakt med lokalpolitikar Glenn Erik Haugland (V), som har gjeve tips og råd og hjelpt til med kontakt i Innovasjon Norge.

– Vi er framleis i startgropa og det er ein del jobb som skal gjerast før vi veit om sneglen er eigna og om det kan bli butikk av det. Det er veldig spennande.

Ifølgje gründaren blir det frå første januar 2016 nye importreglar med strengare kontroll med innføring av planter og anna materiale.

– Om brunsneglen kan brukast til fôr blir det dobbelt positiv effekt, folk får hjelp til å kvitta seg med eit problem og marknaden får tilgang på kortreist fôr.

 

Les meir om

Næringsliv Industri