Vil laga moteshow her
Borg Vêr skal ut i naturen igjen - men må droppa Borgafjellet i år.
Ho hadde venta 20 til 50 tilskodarar, Jeanett Borgen Kallekleiv, som i august i fjor arrangerte moteshow på Borgafjellet.
Rundt 150 dukka opp!
– Eg hadde undervurdert kor glade osingane er i å gå fjelltur, seier Jeanett, som i utgangspunktet ville tilbake på den sentrumsnære fjelltoppen (353 moh) i år.
Ho har hatt framgang etter operasjon av korsbandskade i vår, men har belasta kneet feil eller for mykje den siste tida, og må halda seg i låglandet med neste moteshow.
På eller ved Knutabruo
I staden for fjelltoppen blir det i år ved foten av fjellet, i det populære turterrenget mellom Nordmarka og Tøsdal.
– Det var ein kunde som kom med forslaget, og eg synest området er både fint og godt eigna.
15-20 modellar stiller opp for Borg Vêr laurdag.
– Om dei skal gå over Knutabruo, ved den nye gapahuken eller nede ved rasteplassen er ikkje bestemt. Eg vil inn på synfaring.
Den 50 meter lange brua, som opna i 2015, heng 12-14 meter over Oselvo. Den store gapahuken opna i fjor. Ved stien rett nedanfor ligg ein rasteplass.
– Vi må nok ta høgde for at det kjem minst like mange som sist, då turen er flatare og enklare, også for dei med barnevogn, sykkel eller rullestol.
Havnechefen går opp elvo
I fjor fekk arrangør og modellar nevane fulle på veg til topps, med bord, drikke og lett lydutstyr.
– No er det enklare å frakta utstyr og snacks, seier Jeanett, men legg til at planen er å halda fram på Borgafjellet i åra som kjem.
– I år har eg òg med meg restauranten Havnechefen. Dei riggar opp ein liten kafé med enkel varmrett for sal til turgåarane som stiller på showet.