Lokal | 01. apr. 2020

Vil laga nytt, lokalt spel: Slaget om Bjørnafjorden

Det gamle Os-spelet er i ferd med å få ein oppfølgjar.

Vil laga nytt, lokalt spel: Slaget om Bjørnafjorden
Eirik Lekven og Vidar Bratlund-Mæland har i ein periode jobba med eit nytt spel, Slaget om Bjørnafjorden. (Foto: Privat)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandonsdag 01. apr. 2020 14:48
- Eirik Lekven frå Premiebua og kunstnar Vidar Bratlund-Mæland har i ein periode jobba med eit nytt spel, Slaget om Bjørnafjorden.



Dette er tenkt som ein oppfølgjar til Os-spelet frå 1980-talet. Os-spelet var eit monopolspel med bedrifter i frå tidlegare Os kommune.



– Dette er ikkje per i dag eit ferdig spel, men me håper å ha det ferdig til hausten 2020. Spelet er eit spel av monopolsjangeren, men med fleire vriar som gir det problemstillingar som er meir tett på utfordringane rundt næringsdrift i Bjørnafjorden i dag.



– No som vi er ein ny kommune tenkjer me at det er stadig viktigare med identitetsbyggande aktiviteter. Her ser me at dette spelet kan bidra positivt.



Samarbeid og QR-kodar



Det er fleire ting som skil det nye spelet frå det gamle. Samarbeid er blant det som er nytt.



– Ja, det er mogleg å samarbeida, det er faktisk ein eigen kortstokk som heiter «Samarbeid», seier Lekven.



I tillegg kan kortspelet senda spelarar avgarde på internett via eigne QR-kodar.



– Fleire kort har eigne QR-kodar som gjer at når ein skannar desse kodane så blir ein sendt avgarde til ulike nettsider. Desse nettsidene kan vi byta ut, slik at det vert variasjon også etter at du har kjøpt spelet.



Lokale kjendis-sedlar



I tillegg til nye reglar og teknologiske innspel har spelet fått nye type sedlar.



– Vi har satsa på viktige lokale kjendisar som blant anna rosemalaren Annanias Tveit, Ole Bull og ikkje minst Havnesjefen, avslørar Bratlund-Mæland.



– Me gler oss til å ta tak i dette videre og innbyr folk til innspel og bedrifter til å vera med på å få dette på beina. Me ser at koronautfordringane gjer at dette per no er utfordrande, men me håper at dette går over snart, og at folk er klar for noko nytt og spanande om ikkje lenge.



Per dags dato har ikkje prosjektgruppa fått opp ei kontaktside.



– Kontaktside kjem etterkvart og me gler oss veldig til å ta tak i dette og håper folk vert entusiastisk, avsluttar Premiebua-guttane.



Her kan du sjå ein info-video om brettspelet:



hjhkh
hjhkh

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.