Armstrong Lian frå Pandora Film og pappa Dag stiller opp når Hanne Catrine og venninna Rosa vil laga pilot til TV-serie. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Vil laga TV-serie

I haust kom Hanne Catrine heim etter filmskule i L.A. No speler ho inn pilot i Os.

image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I januar reiste Hanne Catrine Andersen til California for å studera ved New York Film Academy i Los Angeles.

Les òg: Kan Hanne hamna i Hollywood?

– Vi lærte utruleg mykje på ni månadar og fekk vera med på fleire praktiske og interessante oppgåver. Både på skulen, på festivalar og på fritida har eg blitt kjent med mange folk i bransjen, fortel Hanne Catrine.

Første skuledag møtte ho ei klassevenninne som også sto utan husvære. Dei to bestemte seg på strak arm for å finna seg leilegheit saman.

Nederlanske Rosa van Iterson hadde bachelorgrad frå før, og har vore med på fleire TV-show i Nederland. No jobbar ho i Os.

Tilbake til USA neste år

Rosa er i Noreg og jobbar på vegkroa Hanne Catrine og mora Linda driv på Røykenes.

– Vi har begge fått arbeidsløyve i USA neste år, i eitt år, og reiser til L.A. igjen på nyttårsaftan.

No jobbar Hanne Catrine og Rosa seg opp pengar, for dei har berre løyve til å jobba i filmbransjen, og kan ikkje ta småjobbar i andre bransjar ved ei eventuell venting på skodespelaroppdrag i USA.

Spontan skriving og produksjon

Hanne Catrine og Rosa reiser ikkje til USA utan ein offensiv plan. Eit initiativ frå Rosa, som er inspirert av norsk natur, fekk dei to venninnene til å byrja å skriva manus.

– Dette er omgjevnadar som vil vera nydelege kulissar, meiner Rosa.

– Eg er einig, seier HC Andersen. Vi hadde begge lyst å skriva ein TV-serie, ein krimserie, og kasta oss rett over utkastet til ein pilot.

TV-serien skal heita «The Chase». Det er i det minste arbeidstittelen. I The Chase ser vi ein amerikansk turist (Eirik Søfteland) bli drept, noko som fører til at amerikansk politi kjem til Noreg for å bli del av etterforskinga.

Lånte kontor - og likhus

Jentene danna produksjonsselskapet Senson. Dei blei ferdige med manus på åtte dagar - og er no cirka halvvegs i innspelinga av ein pilot på 20 minutt.

Til prosjektet har dei to skodespelarane og produsentane fått god hjelp, også av profesjonelt kaliber.

– Då eg såg kor flinke og handlekraftige Hanne Catrine og Rosa er så fekk eg lyst til å vera med, seier osingen Rolv Lyssand Bjørø frå Pandora Film.

– Andre går og grublar lenge på ting, desse jentene berre kastar seg i det. Og det er gjerne like greit.

Han og kollega Armstrong Lian stiller opp på dugnad, også Varde stiller med utstyr, kompetanse og drone.

– Vi har òg fått låna Gades Institutt. Det er visst få andre, om nokon, utanom Varg Veum-produksjonen, som har filma der, seier Hanne Catrine.

Eirik Søfteland speler død

Midtsiden møtte Pandora-folka saman med jentene, som begge speler detektivar, då dei lånte Hodneland Bygginnredning sine lokale.

– Alle har sagt ja, vi er veldig heldige. Venar stiller opp som både skodespelarar og statistar. Eirik Søfteland viser seg å vera veldig flink som skodespelar, også når han speler død.

– Vi skal òg låna eit småfly, og det skal filmast biljakt i Langedalen, fortel Andersen.

Målet er å ha ein ferdig pilot til ein TV-serie med seg til USA over nyttår. Blir den selt inn er det mogleg at mange av hjelparane får seg nokre kroner.

Fleire saker