Vil lamma E39
Naboar til E39 mellom Os og Bergen fryktar yttarlegare utsetjing av Svegatjørn - Rådal og varslar no aksjonar.
– Vi er lei av løgn, utsetjing, kameraderi og korrupsjon i regjeringa, seier Vidar Berg-Hansen frå Hatlestad.
– Medan vi har venta 40 år på veg delte Magnhild Meltveit Kleppa ut 5,5 milliardar kroner til ny veg til Hjelmeland, si eiga heimbygd, eit prosjekt mannen hennar var sjef for! Ho blei heldigvis avsett som samferselsminister, men ho er neppe den siste politikaren i regjeringa som prioriterer etter eige personleg ønskje, trur han.
Sjølv om Svegatjørn-Rådal i framlegg til statsbudsjett får midlar til oppstart, mot at bompengesøknad blir godkjent i 2013, og det er venta eigen stortingsproposisjon om løyving av midlar innan 2013, føler ikkje Berg-Hansen seg trygg på byggestart i 2013 eller 2014.
– For det første seier dei at løyvet skal koma INNAN 2013, altså før 1. januar 2013, medan dei samtidig snakkar om våren 2013. For det andre har det den siste veka vore snakk om at stortinget ikkje vil sjå på saka før nærmare sommaren. Så er det ferie og så er det val, vi er fleire som fryktar yttarlegare utsetjingar og vi er leie av å sitja å sjå på.
Farleg skuleveg
Berg-Hansen er sjølv nær nabo til Osveien der den svingar seg opp mot Vallaheiane.
– Vi har berre budd her i 11 år, men likevel sett enorm vekst i trafikken. Dette er ein farleg og forureina skuleveg og eg har ikkje tal på kor mange kroner eg har tent på å senda bilde av trafikulykker til avisene i Bergen.
– No er vi fleire som har fått nok og som vil visa dette med å setja vegen mellom Os og Bergen på kartet.
Vil lamma trafikken
For å samla folk mellom Os og Nesttun som bryr seg om ny veg mellom Svegatjørn og Rådal har Berg-Hansen oppretta facebooksida Aksjonsgruppen for ny E-39 mellom Bergen og Os.
– Gruppa er fersk og fekk 40 nye medlemmar berre i går, både frå Os og Bergen.
Fleire av medlemmane snakkar om å gå til konkrete aksjonar.
– Trafikken mellom Os og Bergen kan i periodar bli lamma fullstendig, anten det er snakk om å gå på skift for å trykka på fotgjengarfelt så det blir raudt lys eller få "motorstopp" midt i vegen.
– Det er mange som snakkar om dette dagleg og det er neppe lenge til første aksjon. Vi vil visa at det er på høg tid med ny veg mellom Os og Bergen og det vil nok koma stunt som blir synleg heilt til Oslo, trur Vidar Berg-Hansen.