Lokal | 05. mai 2020

Vil markera 8. mai utan publikum

Markeringa i Minneparken går som normalt. Vi filmar heile.

Vil markera 8. mai utan publikum
Olav Kvinge, her 8. mai 2016, held tale for dagen. (Foto: Kari Marie A. Lyssand)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 05. mai 2020 09:13

Fredag er det 75 år sidan Tyskland kapitulerte og fem år med okkupasjon av Noreg var over.

Frigjerings- og veterandagen blir som vanleg markert i Minneparken i Giskavollen, men Bjørnafjorden kommune vil grunna smittevern mot koronaviruset ikkje ha publikum denne dagen.

Midtsiden filmar heile markeringa. Det blir ikkje direktesending, men videoen blir publisert fredag mellom klokka 13 og 15 ein gong.

Her er programmet for dagen, start klokka 11.00

  • Opning ved ordførar Trine Lindborg
  • Vi syng Fedrelandssalmen. Kvintett frå Os musikkforening og Os skulekorps spelar.
  • Isabell Renee Aase syng «Til ungdommen» akkompagnert av Knut Vidar Garlid.
  • Tale ved Olav Kvinge.
  • Kransenedlegging ved krigsminnesmerket i Minneparken.
  • Kransenedlegging på kyrkjegarden til Os kyrkje ved 1. Os KFUK-KFUM-speidarar.
  • Signalet Bøn.
  • Avslutning ved ordførar Trine Lindborg.
  • Vi syng «Ja, vi elsker». Kvintett frå Os musikkforening og Os skulekorps spelar (Vibeke Nordtveit, Ragnhild Kristine Midtbø, Paul Johan Valle, Kjersti Aak Garlid og Ruth Elin Midtbø).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.