Lokal | 02. mai 2019

Vil melda svane-mating til politiet

Politiet blei kontakta då ein mann irriterte seg over to damer som mata svanene.

Vil melda svane-mating til politiet
Mating av svaner har samla ein stor flokk i Os hamn, som her, i starten på april. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 02. mai 2019 08:00

I 21.30-tida tysdag kveld rykte politiet ut til moloen på Steinneset etter melding om krangel mellom fleire vaksne personar.

Krangelen handla om mating av svanene. Os kommune gjekk i samråd med fagfolk i fjor ut og ba folk slutta å mata knopsvanene i Os hamn.

– Ein mann irriterte seg over at to damer mata svanene, og dei to damene skal ha forsvart fuglematinga, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Damene skal ha oppfatta mannen som aggressiv,og kontakta politiet. Mannen vil på si side melda kvinnene.

– Fuglematarane skal ha sagt at dei har fått lov av Os brannvesen å mata svanene. Vi skal no finna ut om dette er greit eller ikkje.

OPPDATERT: Damene som mata svanene uttaler seg

Vil unngå ny «Hamnesjefen-sak»

Seinsommaren 2017 blei knopsvanehannen med kallenamnet «Hamnesjefen» avliva etter fleire angrep på båtfolk og badande.

Han hadde saman med maken hekka i Oselvo sidan 2011.

For å unngå å hamna i tilsvarande situasjon med neste par som etablerte seg hadde Os kommune «stormøte» om svanene i april i fjor.

På møtet var ordførar Marie L. Bruarøy, varaordførar Laila Reiertsen, rådmann Christian Fotland, ornitolog Arild Breistøl, landbrukssjef Øystein Svalheim, lensmann Oddbjørn Dyrdal, varabrannsjef Arne Monsen og svanebokforfattar og frivillig svanehjelpar Sølvi Bugge.

– Ikkje mat svanene!

Konklusjonen i møtet var at innbyggarane og turistane i Os skulle oppmodast om ikkje å mata svanene.

Årsakene er både at dei kan bli for vant med å vera nær menneske, og at mating kan trekka til seg fleire knopsvaner slik at den som skal hekka her blir endå meir aggresiv (fordi det blir fleire å jaga vekk før klekking).

– Paret som skal hekka i Oselvo vil, som naturleg er for knopsvaner, kjempa for reviret sitt. For at dei skal unngå unødig stress, bør vi i størst mogleg grad unngå å mata svanene, sa ornitolog Arild Breistøl i møtet.

Det hender på spesielt kalde vintrar, at det blir oppfordra til mating av svaner, som sangsvanene vi ofte ser i Lysefjorden om vinteren, og som ikkje er territoriale.

Breistøl var i møtet tydeleg på at svanene i Os hamn fint klarer å finna mat sjølv, at dette er blant årsakene til at knopsvanene trivst godt nettopp her.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.