Plaketten som Tore Øvreeide har bestilt av Vidar B. Mæland. 

Det tragiske havariet og den rekordstore leiteaksjonen

Nytt minnesmerke: Over 500 deltok i søket etter flyet som havarerte i Øvredalen i 1966. To unge menn omkom i styrten.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Laurdag 19. mars 1966 havarerte eit privateigd småfly (Piper PA-22-150) ved Leino i Øvredalen.

Begge dei to unge mennene om bord, Christen Wiborg (27) og Børge Motzfeldt (28), omkom i styrten.

– Over 500 deltok i søk etter flyet, frå Sjøforsvaret og Heimevernet til Røde Kors og andre frivillige. Først måndag ettermiddag, to døgn etter havariet, blei flyet funne, fortel Tore Øvreeide.

Han har fått Vidar B. Mæland til å laga ein plakett som skal stå på ein minnestein. I august blir det mimrestund, foredrag, bildeframvising og avduking.

– Men først vil vi undersøkja om det er fleire som sit på informasjon om ulykka og leiteaksjonen. Det har ikkje berre vore enkelt å henta ut etter dette noko spesielle havariet.

Kjempa mot tett skydekke og tom bensintank

Den flyinteresserte gardsdrivaren i Hegglandsdalen fortel at flyet var på veg frå Fornebu til Flesland. 

Flyeigar Christen Wiborg var son av ein skipsmeklar, Børge Motzfeldt var son av general Birger Fredrik Motzfeldt, som hadde gjort ein stor innsats for Noreg under andre verdskrig.

– Kva dei to skulle i Bergen er uvisst, fortel Øvreeide.

Motzfeldt skal ha gått flyskule, men ikkje fullført. Dei testa flyet før dei starta på turen til Bergen, men kan ha glømt å fylla bensin før avvgang.

– Dei hamna dessutan over tett skydekke i Odda, og brukte mykje bensin på å prøva å finna hol i skylaget så dei kunne gå ned. Til slutt såg dei eit SAS-fly, og fekk eksakt avstand til Flesland. Frå Flesland fekk dei peiling (kompassretning) å fly etter.

– Dei meldte frå at dei hadde lite bensin. Dessverre kom dei seg ikkje fram til Flesland.

Ber folk ta kontakt

Over sommaren har Tore Øvreeide saman med Gaute Dyrdal plan om å halda foredrag og visa bilde på Øvreeide Gard. Så skal turen gå til Øvredalen for avduking av det nye minnesmerket.

– Harald Midtseter og Andreas Øvredal hadde høyrd flydur i Øvredalen i den aktuelle tida. Minst éin av dei skal òg ha høyrd eit brak. Men dei hadde ikkje telefon i Øvredalen på den tida, det gjekk tid før dei forsto kva som hadde skjedd. 

– Om det er fleire som kjenner historiar om flyturen, havariet eller leiteaksjonen, ber vi dei ta kontakt, seier Øvreeide.

– Mange av dei som hadde informasjon om ulykka er dessverre døde i dag, så det er ikkje så lett å innhente informasjon. Det har generelt vore lite informasjon om ulykka etter styrten. Eg har sjølv fått lesa politiet sin dokumentasjon, men eg fekk ikkje med meg noko, og fekk heller ikkje lov å ta bilde eller kopi.

Fleire saker