Lokal | 17. sep. 2010

Vil at noko skal skje

På siste møte i plan- og bygningsutvalet blei ei mindre reguleringsendring for Oshjørnet vedteken. Utbygger håper på å vere klar til sommaren.

Vil at noko skal skje
Andris Hamrefredag 17. sep. 2010 10:18

Bergen Eiendomsrådgivning (Beras) står bak og eig Oshjørnet AS og fleire av bygningane i Os sentrum. No har dei fått godkjenning av ei mindre reguleringsendring for Oshjørnet.

Dei berørte eigedommane har adresse Øyro 3 og 5 og Landboden 1 og 5.

- Reguleringsendringa gjev oss moglegheiten til å modernisera, doble næringsarealet og byggje 6 heilt nye moderne leilegheiter ut mot Baronselva og to oppå det eksisterande bygget, seier Terje Haugan i Beras.

Fire etasjar
Reguleringsendringa tillet at byggjehøgda aukast frå 3 til 4 etasjar der fjerde høgda skal være delvis tilbaketrekt. Heishus og mindre takoppbygg kjem i tillegg. Maksimal kotehøgde blir 13, 5 meter med unntak av heishuset som blir 17,3 meter.

Må følgje parkeringsnormen
Ei utfordring for utbyggjar har vore at kommunen har krevd at parkeringsnormen med to parkeringar per leilegheit skal følgjast.

- Vi har vore nødt til å ta i bruk tomta mot Oselva som parkering for å få realisert planen, fortel Haugan som skulle ønske at kommunen fekk fart på seg til å løysa parkeringsproblema i Os sentrum.

- Skal vi være med å utvikle sentrum, er vi avhengig av at dette finn ei løysing. Med dei krava som stillast i dag er det svært vanskeleg å få til ei lønnsom utvekling av Os sentrum, meiner Haugan.

- Til samanlikning vil dei i Bergen ikkje ha parkering i sentrumsgatene, men legg til rette gjennom Klostergarasjen, bygarasjen og andre parkeringsanlegg, seier Haugan.

Siktar seg inn mot sommaren
Terje Haugan i Beras er oppteken av at det skal skje noko i Os sentrum.

- Vi ønsker å realisere prosjektet så raskt som mogleg. Os sentrum treng verkeleg «at noko skjer».

- Vi vil gjennomføre eit visst sal før oppstart, både for å avklare markedet og for å finansiere utbygginga, seier Haugan.

Metoden som skal nyttast i byggjinga skal være ein metode som gjev kort byggjetid.

- Vi håpar dei nye næringslokala skal stå klare til sommaren og at leilegheitane ferdigstillast utover hausten. Også dei eksisterande leilegheitane vil framstå med dagens standard så langt råd er.

- Leilegheitane er kjempespanande og prisa fornuftig så eg reknar med god interesse, seier Haugan.

- Dei er moderne urbane boligar for vaksne menneskjer med heis og livsløpsstandard, avsluttar Terje Haugan i Beras.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.