Vil opna Brugata
Kommunen innstiller på å opna Brugata igjen, men framleis med høgrekøyring ut på Hatvikvegen.
Kommuen har heilt sidan parkeringsreglementet for Osøyro blei innført, og Brugata blei einvegskøyrd ut av sentrum, fått reaksjonar på endringa.
- Vi har hatt evalueringsmøter med næringslivet og drøftingar om kva som er det mest riktige å gjera.
- Sjølv om dei foreskjellige partane har hatt noko ulike syn, har leiargruppa no hamna ned på at vi vil foreslå å gjera Brugata tovegskøyrd, men at det framleis berre er lov til å køyre til høgre ut på Hatvikvegen, fortalde ordførar Terje Søviknes (Frp) då han ba om formannskapet si vurdering tysdag.
Austom "stengt ute" frå Øyro
Blant argumenta som har blitt brukt mot einvegskøyringa er at dei som bur i austre delar av kommunen har opplevd å bli stengd ute frå Osøyro i og med at dei måtte via rundkøyringa framfor rådhuset. Då har vegen til Flåten og senteret vore "like kort".
- Eit vesentleg moment for meg har vore kva som skal vera hovudvegane inn til sentrum.
- Skal det vera via ein parkeringsplass framfor rådhuset og via eit relativt trafikkfarleg kryss ved Lundehjørnet, eller burde vi òg opna opp Brugata, argumenterte Marie Bruarøy (H).
Glad for Høgre-kryss
- Eg fell ned på at vi òg skal opna Brugata. I tillegg er eg jo glad det blir eit høgre-kryss, smilte varaordføraren med referanse til at det ikkje skal vera lov til å svinga til venstre ut i Hatvikvegen.
Ho fekk støtte frå Espen Aspenes (Frp), som hadde fått mykje av dei same tilbakemeldingane om at folk valde å reisa vidare i staden for til sentrum om dei kom frå Hatvik, Hjelle og Hauge på veg mot sentrum.
- I tillegg til påbod om høgresving, kunne vel du tenkt deg eit påbod om å stemma høgre òg, helsa Aspenes til Bruarøy.
Ei konsekvens av å opna for køyring begge vegar er at dei tre parkeringsplassane framfor apoteket må fjernast.
Vegvesen og politiet avgjer
Om Brugata skal opnast opp for tovegskøyring er ikkje opp til kommunen å avgjera åleine.
- Både Statens Vegvesen og politiet må godkjenna endringa og ny skiltplan som følgje av denne.
- Før det er på plass vil vegen framleis vera einvegskøyrd, men eg håpar vi kan fjerna barrikadane som står i krysset slik som tidlegare lova, og at publikum vil forhalde seg til skilta som framleis gjeld, avslutta Søviknes som fekk formannskapet si tilslutning om å foreslå endringa.
Fram til vegvesenet og politiet har sagt sitt vil Brugata framleis vera einvegskøyrd.