Lokal | 05. des. 2017

Vil oppretthalde kontantstøtta

Sp og Krf sitt budsjettframlegg • Er usamd med rådmannen. Vil oppretthalde kontantstøtta.

Vil oppretthalde kontantstøtta
Siren Tømmerbakke (Sp) presenterte budsjettframlegget på vegne av Sp og KrF (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 05. des. 2017 10:06

Siren Tømmerbakke (Sp) presenterte i formannskapet tysdag Senterpartiet og Kristleg folkeparti sitt alternative framlegg til budsjett for 2018.

Ikkje overraskande går dei to partia inn for å oppretthalde den kommunale kontantstøtta som rådmannen har foreslått å kutta.

– Krf/Sp vil la familiane velja sjølv korleis dei vil prioritera tid og økonomi som småbarnsfamilie og vil difor oppretthalde den kommunale kontantstøtta.

– Rådmannen hevdar at det er betre for små born å gå i barnehagen enn å vera heime med foreldra. Det er KrF/Sp usamde i, tvert i mot viser nyare forsking det motsette. Vidare hevdar rådmannen at ordninga med kontantstøtte hindrar integrering i Os. KrF/Sp meiner dette er ei avsporing. God integrering må løysast gjennom betre tilgjenge til arbeidsmarkanden og gratis kjernetid i barnehagen, kombinert med god språkopplæring til barn og vaksne, ikkje ved å fjerna valfridom for foreldra, argumenterte Tømmerbakke, som har lagt inn 1,8 millionar til ordninga, finansiert gjennom reduksjon av formannskapet sitt disposisjonsfond, redusert låneopptak og reduserte kostnader i folkevalde organ gjennom redusert bruk av adhoc-utval.

Vil kutta bølgjebrytarane

Som Arbeiderpartiet vil dei to partia kutta dei vidare investeringane til bølgjebrytarane i Os hamn.

– Kommunen er i ein krevjande situasjon økonomisk. I tida framover må vi prioritera dei primære lovpålagte kommunale oppgåvene. KrF/SP meiner vi må redusere lånebehovet, for slik å frigjere midlar på driftsbudsjettet. Prosjekt bølgjebrytarar Os ytre hamn har hatt ei stor kostnadsauke. Vi har då kome fram til at det er betre å ta prosjektet ut av kommunen sitt investeringsbudsjett.

Vil rusta opp vegar

Noko av dei frigjorte midlane vil partia i staden nytta for å ruste opp det kommunale vegnettet, og aukar denne potten frå 5 til 7 millionar kroner.

– Trygg skuleveg for borna våre må ha førsteprioritet, påpeika Tømmerbakke.

Utset skule aust om elva eitt år

Dei to partia trur ikkje det er realistisk å komma i gang med bygging av skule aust om elva i 2018 og foreslår difor å forskyve investeringane eitt år.

– Det er urealistisk å komma i gang så snart som i 2018. Dette vil frigjera omlag 1,5 millionar kroner i reduserte kapitalkostnader. Desse foreslår vi å overføra til fond til bruk for å dekka inn forventa underskot i 2019 og vidare.

Støtter rosemålarverkstaden

Stiftinga Lyngheim har tatt initiativ til etablering av rosemålarverkstad på Lyngheim. Dette er dei to partia positive til.

– Vi støttar initiativet med eit tilskot på 400.000 kroner, dekka inn med nedtrekk på formannskapet sitt disposisjonsfond.

– Dette prosjektet vil bidra til å ta vare på lokale handverkstradisjonar og har eit stort potensiale for næringsutvikling, ikkje berre for eiga verksemd, men også for anna næringsaktivitet i bygda, sa Tømmerbakke som trekte fram kommunen si satsing på å gjera Os til eit attraktivt reisemål.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.