Kultur | 16. nov. 2009

Vil rocka jula inn

ORBO & The Longshots har selt meir av «Masquerade» enn av alle dei andre albuma. I desember held dei sin første konsert i Os etter platesleppet.

Vil rocka jula inn
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 16. nov. 2009 13:42

«Masquerade» er ORBO & The Longshots sitt fjerde album, og det første albumet etter signering med Sony sommaren 2009.

- Vi merkar at vi har eit større selskap i ryggen, blant anna med auka distribusjon. «Masquerade» er for eksempel for sal på alle Shell-stasjonar i Hordaland, fortel Ole Reinert Berg-Olsen.

ORBO fekk nokre femmarar for «Masquerade», men bandet har også måtta tola å sjå fire og tre på terningane.

- Eg les berre dei gode kritikkane, dessutan merkar vi tydeleg på publikum at dette er den plata dei liker best.

Salsrekord og relansering
«Masquerade» selte over 2000 eksemplar den første månaden, ein rekordstart for bandet og om lag like mykje som dei andre tre albuma har selt til no.

- Det er vi veldig nøgd med, seier Ole, og fortel at både «Seven», «Genuine Handmade Rock n Roll» og albumet bandet fekk Spellemannsprisen for i år, «High Roller» blir relansert måndag 23. november.

Då kjem også making-of video til å bli publisert blant anna på Youtube. Med eigne klipp og foto av Gerilja Film og Varde Film & Media kan du sjå video frå turane til USA og til hytta til Kurt Nilsen, der delar «Masquerade» blei spelt inn.

Rockar jula inn
Etter at Spellemannsprisen var i boks heldt ORBO konsert i Fjellheim. I sommar var ORBO & The Longshots også på programmet til Osøren Blues & Jazzfestival. Men førebels har ikkje dei nye låtane blitt spelt på Os.

- Vi har hatt tett program etter platesleppet i september, frå Bergen og Oslo til Gol og Etne. Det skal bli godt å spela i Fjellheim igjen, seier Ole.

Laurdag 19. desember har ORBO & The Longshots konsert i Fjellheim. Peppes Pizza tar seg av servering, vorspiel og billettsal medan tributebandet Red Hot Cherry Poppers skal varma opp.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.