Lokal | 29. sep. 2014

Vil rusta opp og utvida

Solstrand søkjer om dispensasjon frå arealplanen for å rusta opp kai frå 1917. Håper igjen å kunna ta imot Statsraad Lehmkuhl.

Den gamle djupvasskaia framfor Solstrand er for lita til dagens bruk (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 29. sep. 2014 12:06

Bildeserie:

Situasjonsplan for Solstrand med den nye kaia (ill: Os kommune)
Berget ligg nakent og vanskeleg tilgjengeleg i dag (foto: Andris Hamre)
Om lag som dette ser Solstrand og Faaland Arkitekter for seg det kan bli (ill: Os kommune)
Situasjonsplan for Solstrand med den nye kaia (ill: Os kommune)
Berget ligg nakent og vanskeleg tilgjengeleg i dag (foto: Andris Hamre)
1 av 3
Berget ligg nakent og vanskeleg tilgjengeleg i dag (foto: Andris Hamre)
Om lag som dette ser Solstrand og Faaland Arkitekter for seg det kan bli (ill: Os kommune)
Situasjonsplan for Solstrand med den nye kaia (ill: Os kommune)

Djupvasskaia på neset framfor Solstrand Bad og Hotel blei bygd i 1917, ikkje minst for at Midthordland skulle kunna legga til på si rute mot Folgefonnhalvøya.

Med åra har krava og båtane endra seg vesentleg og hotellet ser eit behov for å få rusta opp kaianlegget.

– I dag opplever vi at fleire og fleire båtar ikkje kan legga til den gamle, vesle kaien vår - både fordi den er altfor kort, og fordi den har ein noko ugunstig posisjon, forklarer Børrea Schau-Larsen i søknaden til kommunen.

Fjorden – ein del av opplevinga

I sommarsesongen, frå april til september, er kaien eit viktig tilbod til gjestane på hotellet, både for å koma sjøvegen til og frå hotellet, men òg for å få oppleva fjorden under opphaldet.

– Vi ønskjer å foredla det vesle neset, og gjera det langt meir tilgjengeleg og brukarvennleg enn det framstår i dag. Og vi ser det som heilt vesentleg for våre gjestar at båtar skal kunna legga til hos oss, både for fjordturar, båt til Bergen og nye skip som skal døypast, skriv Schau-Larsen.

Opprustinga vil òg omfatta stiane frå kaien til hotellet.

– I dag har vi ein vanskeleg tilkomst til kaien og den er ikkje eigna for rullestol eller transport av bagasje.

Statsraaden som mal

Lengda på kaien er ifølgje teikningane i søknaden på 55,3 meter, kaien vil bli på kote 2 og forblenda med naturstein frå Jondal.

– VI velg å følgja Statsraad Lehmkuhl sine spesiflkasjonskrav for kai. Solstrand sin grunnleggjar Christian Michelsen er avbilda på hotellet sammen med mellom anna Statsraad Lehmkuhl. Skipet og hotellet er forankra i felles historie frå regionen, forklarer Schau-Larsen.

Bergen og Omland Hamnevesen, som forvaltar havne og farvannsloven, stiller seg i ein førehandsuttale positive til tiltaket.

– Ut frå dei opplysningane vi har mottatt kan vi ikkje sjå at tiltaket vil vera problematisk etter havneloven, heiter det i uttalen frå havnevesenet.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.