Kultur | 22. juni 2018

Vil segla med «Dronninga» til Donkeyboy i helga

I dag startar Vinnesfestivalen, i morgon fraktar MS Midthordland publikum frå Os til Vinnes.

Vil segla med «Dronninga» til Donkeyboy i helga
MS Midthordland. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 22. juni 2018 09:19

I år er det ikkje kollisjon mellom Marknadsdagane i Os og Vinnesfestival i Fusa. Marknadsdagane i Os er slått saman med Oseanamarknaden og går som Osdagane neste helg, mens Vinnesfestivalen, som i år blir arrangert for 10. gong, går frå i dag til søndag.

Laurdag er sjølve konsertdagen, og arrangørane har fleska til og booka både Jan Eggum, Donkeyboy, Hotshots og DJ Helge.

• Les òg: Donkeyboy til Vinnesfestivalen

Legg opp til enkel transport over fjorden

Arrangørane ønskjer dei komande sambygdingane frå Os velkomen ved å setja opp båt over fjorden.

• Les òg: – Vil festa meir med osingane

– Det er kjekt at slike tilbod blir brukt når det først blir sett opp, seier Helge Andersen frå MS Midthordland-reieriet Det Midthordlandske Dampskibsselskab.

Staseleg oppvarming til konsert

I fjor køyrde dei med «White Lady» og hadde 40 reisande. Denne er opptatt med oppdrag i Åkrafjorden i helga, så i år er det Bjørnafjordens dronning MS Midthordland som skal ta publikum frå Os til Vinnes.

– Vi har 20 selte billettar til no, men reknar med at det kjem ein del meir fram mot avreise frå Os kai laurdag kveld.

Båten går frå Os til Vinnes, med avreise frå Os klokka 19.15. Retur frå Vinnes er klokka 02.15, når konsertane er ferdige natt til søndag.

Få billettar igjen til neste tur

MS Midthordland har dei siste åra òg frakta folk mellom Os og Tysnesfest.

– Dei siste tre åra har vi hatt full båt både fredag og laurdag. Kvart år er det folk vi må seia nei til, så det kan vera lurt å vera tidleg ute, seier Andersen.

Årets Tysnefest blir arrangert 11. til 15. juli.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.