Lokal | 26. okt. 2012

Vil setja Os på kartet

Osøren Blues & Jazzfestival inviterer andre festivalarrangørar, Oseana, næringsliv og andre til idemyldring for setja Os enno tydligare på kulturkartet.

Vil setja Os på kartet
Tore Lekve blei gjenvald som leiar for Osøren Blues & Jazzfestival. Festivalgjengen har teke initiativ til å samla kulturarrangørar i Osbyda til idemyldring (Arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 26. okt. 2012 13:31

Osøren Blues & Jazzfestival hadde onsdag årsmøte kor Tore Lekve blei gjenvald som leiar i festivalen.

- Vi hadde eit godt møte og har hatt eit aktivt år bak oss, kor vi har levert fine resultater også økonomisk.

- At vi klarer det er mykje takka vere gode samarbeidspartnarar i næringslivet, seier Lekve.

Ikkje berre blues og jazz

No har han saman med resten av gjengen bak festivalen invitert samarbeidspartnarar og andre til idémyldring i Vargasalen på Oseana laurdag 3. november.

- Det er viktig å presisera at dette ikkje er ei idemyldring for festivalen, men for alle som arrangerar konsertar og lignade i bygda.

- Saman kan vi setja Osbygda tydelegare på kulturkartet og få til akkurat det vi vil om vi dreg i same retning.

Nær 50 påmeldt

Allereie har nær femti deltakarar meld seg på samlinga.

- Vi har fått ein kjemperespons frå alle vi har vore i kontakt med.

- Her kjem mellomanna rockeklubben, næringslivet i sentrum og på Amfi, swingklubben og kommunen.

- Eg trur dette kan bli ein kjempekveld kor mange gode idear og tankar kan få lufta seg, smiler Lekve.

- Kan kven som helst stille?

- Ja, det er ope for alle. Vi har freista å fange opp dei vi veit om, men om det er nokon som føler dei har noko å bidra med er det berre å kontakta Tor Erik Hylland som organiserar det heile.

Avsluttar med konsert

Idemyldringa tek til klokka 19. Klokka 21.30 inviterar arrangørane til konsert i Vargasalen med Parchman farm Stompers som består av Olav Undeland, Alex Pettersen og Eirik Bergene.

- Det blir ein konsert etter same konseptet som vi køyrer på Peppes med servering og billettsal.

- Konserten er open også for dei som ikkje vil vera med på idemyldringa, forsikrar Lekve.

Allereie i kveld kan du få lufta bluesøyrene når go's Os med Steinar Lyssand, Ole Amund Gjersvik, Ove Gaasand og Magne Trengereid spelar på Haustbluesen på Peppes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.